Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. des 2025

Erling Sande
Erling Sande
Senterpartiet·Sogn og Fjordane

SakMøte fredag den 5. desember 2025 kl. 9

Innlegget

Senterpartiets politiske mål om eit Noreg med små sosiale og geografiske forskjellar krev innsats på mange politiske område, ikkje minst innanfor utdanning og forsking. Gjennom arbeidet med budsjettsemja har det vore viktig for Senterpartiet at budsjettavtalen har i seg ei satsing på dette området – ei satsing som kjem heile landet til gode. Det har gjort at vi har arbeidd fram endringar i budsjettforslaget til regjeringa på ei rekkje område, og eg skal trekkje fram nokre av dei. Desentralisert utdanning er avgjerande viktig for å sikre alle delar av landet kompetanse. Vi veit at både næringslivet og kommunane i distrikta vil ha eit stort rekrutteringsbehov i åra som kjem. Difor var det viktig å sikre at den sentraliseringa av studieplassar innan sjukepleiarutdanning som regjeringa føreslo, blei retta opp. No får universitetet i Tromsø, Nord universitet og Høgskulen i Molde behalde viktige studieplassar innanfor sjukepleie. Ikkje minst var det avgjerande viktig at Arbeidarpartiet snudde i saka om studielånssletting, at dei stod ved den ordninga Senterpartiet og Arbeidarpartiet i fellesskap utarbeidde, og som òg var lova veljarane i valkampen. Vidare har vi fått oppretthalde løyvinga til FORREGION, som sikrar at det skjer forsking og innovasjon også i regionane og tett på næringsliv og kunnskapsinstitusjonar i ulike delar av landet. Kuttet regjeringa føreslo i studentfinansieringa for elevar på folkehøgskule, ville kunne bety nedlegging av folkehøgskular og at fleire med låg inntekt ikkje kunne ha gått på folkehøgskule. Folkehøgskulane har ei viktig rolle i å gje ungdom som ikkje har konkludert endeleg på yrkesval eller utdanningsveg, høve til å fylle på viktig kunnskap og utvikle seg som menneske. Folkehøgskulane er viktige for å førebyggje utanforskap, ei av dei største utfordringane våre. Senterpartiet er oppteke av at vi skal ha ein trygg og mangfaldig barnehagesektor i heile landet. Difor har vi vore tydelege på at private barnehagar må få dekt dei reelle pensjonskostnadene sine. Det handlar ikkje berre om økonomi, det handlar om tryggleik for barnehagane, for pensjonsvilkåra til dei tilsette som kvar dag gjer ein framifrå innsats for barna våre. Stortinget har allereie vedteke dette med forliket frå sommaren 2025. Likevel såg vi at regjeringa sende ut på høyring ei forskrift som ikkje ville dekkje dei faktiske kostnadene. Det var ikkje akseptabelt. Difor tok Senterpartiet initiativ til å stadfeste at private barnehagar skal likebehandlast og få dekt pensjonskostnadene sine gjennom ei søknadsordning som skal vere på plass frå 1. januar 2026. Vårt forslag fekk fleirtal, så her har ikkje regjeringa noko val. Stortingets vedtak må følgjast opp. Det viktigaste i denne avtalen er løftet for økonomien til kommunane og fylka. Det er der utdanninga av ungar og ungdom skjer, gjennom grunnskular og vidaregåande skular rundt om i heile landet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat