Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. des 2025

Frank Edvard Sve
Frank Edvard Sve
Fremskrittspartiet·Møre og Romsdal

SakMøte fredag den 5. desember 2025 kl. 9

Innlegget

Eg har i dag sete og høyrt på ein lang debatt der Arbeidarpartiet, Senterpartiet, kommunistane og MDG har prata negativt om dei blå og meint at med dei kom alt til å gå ein viss plass, med statsbudsjettet og det meste. Eg synest vi skal måle politikarane på det dei gjer, og ikkje det dei seier. Er det så utruleg roseraudt, det Arbeidarpartiet, Senterpartiet og dei andre partia har levert, og i særdelesheit Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV sidan 2021? For to dagar sidan hadde eg eit par spørsmål til finansministeren om matvareprisar og bensin- eller bilbruk. Det var eitt spørsmål om kva ein liter mjølk kostar, og kva eit brød kostar. Det svarte ministeren veldig galant ikkje på i det heile. Eg veit ikkje om han veit det, men han svarte i alle fall ikkje på spørsmålet. Det var det same med spørsmålet om bilbruk – han svarte ikkje på det heller. Realiteten er at matvareprisane har auka veldig. Finansministeren svarte på spørsmålet at prisane eitt år hadde auka med 7 pst. og seinare med 3 pst., og at prisstiginga no var mindre enn lønsauken. Sidan spørsmålet gjaldt matvareprisane, sjekka eg det. Frå 2021 til 2024 auka matvareprisane med 26,8 pst. Fram til i dag har matvareprisane auka med over 30 pst. I den same perioden auka løningane med 15,1 pst., og på min kalkulator vert det feil. Då er det ikkje rart at folk flest – vanlege folk, som småbarnsforeldre og pensjonistar – har dårleg råd når dei går i butikken, for lønsutviklinga er uansett mindre i forhold til det prisauken på mat har vore. Det er det same når det gjeld drivstoff. Frå 2021 til 2022 auka drivstoffprisane med meir enn 40 pst. Det svarer heller ikkje godt med 15,1 pst. i lønsauke på same tid. Poenget mitt er at det er vorte mykje verre for folk flest og for næringslivet – for ikkje å snakke om bygg- og anleggsbransjen og transportbransjen og kostnadene dei har fått. Der har det gått himmelhøgt. Det er altså vorte betydeleg verre for alle sektorar, for privat næringsliv og for vanlege folk, frå Arbeidarparti–Senterparti-regjeringa og SV starta i 2021, og fram til i dag. Det er det ingen tvil om. Er det så mykje betre? Er det vorte så mykje billigare? Er det så mykje betre for innbyggjarane og for næringslivet? Nei. Bedriftene går konkurs, og folk gruar seg til jul. Det var mitt poeng. Eg synest det er ille at det ikkje vert svart når eg stiller spørsmål i salen. Ein får altså feil informasjon som det er lett å sjekke at var feil.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat