Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
I statsbudsjettet ligg det ei satsing på skog. Senterpartiet meiner at skog òg må gje skogsindustri i Noreg, ikkje berre eksport av tømmerstokkar. For tre år sidan besøkte statsministeren og den dåverande næringsministeren, Vestre, Billerud Viken sitt planlagde anlegg ved Hønefoss. Begge var begeistra, ikkje minst dåverande næringsminister Vestre, og han snakka om saksbehandlingstida for søknad om utsleppsløyve. Eg vil visa til noko av det han sa: Det må ikkje skapast usikkerheit ved framdrift. Framdrifta må gå raskare, kortare behandlingstid – hurtigheit, de! Heia Viken Skog! Tre år seinare ventar Billerud Viken framleis på svar på søknad om utsleppsløyve. Når vil regjeringa få ut fingeren og svara på søknaden om utsleppsløyve? Statsråden sa sjølv at det trengst handling, og at regjeringa skulle fortsetja å levera. No er det er faktisk gått tre år sidan desse løfta vart gjevne. Når vil klimaministeren levera?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
