Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Me har lenge vore vane med å stå opp om morgonen og finna ut kva som har skjedd i USA natta før. Me har opplevd det litt på same måte no når tuttifruttigjengen har forhandla statsbudsjett, at me har måtta stå opp om morgonen og sjå om dei har vorte einige. Jaggu meg – klokka to om natta, eller på morgonkvisten, som statsministeren kallar det, vart dei einige om eit budsjett for neste år. Arbeidarpartiet har på inn- og utpust snakka om trygg styring. Prosessen me har vore vitne til denne hausten, har vel vore alt anna enn trygg styring. Han har vore prega av kaos, brotne tidsfristar for komitéarbeid, brot – nokon har gått frå rommet – og ikkje minst seine netter og forhandlingar nattetid. Dette er berre det fyrste av åtte budsjett og budsjettrevisjonar som skal skje i denne stortingsperioden, og eg trur ikkje det blir lettare i dei neste sju. Ulik tolking av einigheita er éin grunn til at det ikkje blir lettare. At ein brukar eingongspengar på å saldera budsjettet med fleirårige utgifter, er ein annan grunn. Hovudgrunnen til at det blir vanskelegare, er likevel at det blir fokusert altfor lite på å ha påfyll i statsbudsjettet – altså på kva som bidrar inn til statsbudsjettet. Ein fokuserer berre på kva ein skal bruka av statsbudsjettet. Då tenkjer eg sjølvsagt på næringslivet, å fokusera på at me har eit næringsliv som bidrar med overskot inn i statsbudsjettet. Der er dette fleirtalet heilt fråverande. Dei har ein politikk som skremmer dei som skapar arbeidsplassar, ut av landet, som sørgjer for at mange vel å flytta og bruka kapitalen sin andre plassar. I tillegg ser me ei skremmande utvikling der fleire og fleire norske arbeidsplassar blir kjøpte opp av utanlandsk kapital, noko som ikkje er med og bidrar til å byggja sterke statsbudsjett i framtida. Difor blir dette vanskeleg. Framstegspartiet har ein langt betre politikk på å skapa verdiar. Me ønskjer f.eks. at olje- og gasseventyret skal fortsetja. Me snakkar ikkje om avvikling eller om å skriva siste kapittel. Difor synest eg det var litt ironisk at samtidig som MDG står på denne talarstolen og har vore med og påverka eit statsbudsjett, kjem det ei NTB-sak om at Equinor og Aker BP har gjort eit stort nytt funn på norsk sokkel. Det var litt ironisk i dag. Eg håpar at ikkje MDGs innflytelse blir så stor at slike nyheiter ikkje vil prega dei neste åra òg. Eg merkar meg at kommuneøkonomi har vorte eit hovudtema i dagens debatt, og det er jaggu ikkje rart når me ser korleis det står til med norske kommunar etter fire år med Støre som statsminister og med dei fem kommunalministrane han har hatt i regjeringa si. Det framstår meir som ein stafett enn som trygg styring overfor kommunane. Arbeidarpartiet har gjort seg kjent med å ha ein svak kommuneøkonomi desse åra. Det er fleire og fleire kommunar som hamnar på ROBEK, sjølv om finansminister Stoltenberg sa at det har vore verre før. Det skal eg gje han rett i. Det har vore fleire kommunar på ROBEK før – for eksempel då finansministeren var statsminister, var det 46 kommunar på ROBEK. Med den utviklinga me ser, kan det godt henda at Støre tek igjen Stoltenberg i antal ROBEK-kommunar om ikkje så altfor lang tid. Arbeidarpartiet har gjort seg kjent i denne sal for å vera det partiet som har vore mest gnitent overfor norske kommunar. Alle andre parti i denne sal ville i sine alternative budsjett bidratt til å styrkja kommuneøkonomien, alt frå Raudt til FrP. Tuttifruttipartia har fått Arbeidarpartiet med på å auka litt, men neppe nok. Framstegspartiet aukar meir enn forliket. Me har sagt at norske kommunar treng meir pengar, og i vårt alternativ får dei meir pengar. Dei får f.eks. 2,5 mrd. kr meir til eldreomsorg, både til bygningar og til drift, som er målretta til dei eldre, slik at dei skal få betre tenester. Me har òg sørgt for å målretta pengar til skule og barnehage, 1 mrd. kr blir brukte til å styrkja den sektoren. Me har òg sett av pengar til ressurskrevjande tenester, for å styrkja den ordninga. Me vel det viktigaste fyrst. Me har òg gjeve meir pengar til fylkeskommunar, til eit fylkesvegløft, med over 1 mrd. kr ekstra til fylkesvegane og 200 mill. kr til flaum- og skredførebygging, som er viktige tiltak vidare. Det er nokon som har kritisert oss for at me målrettar eller øyremerkjer dei pengane til eldreomsorg og til skule og barnehage, og samtidig gjev dei inntrykk av at dei sjølve skal gje kommunane så veldig stor fridom. Det er jo litt ironisk at dei detaljstyrer kommunane på nokre felt. Når det gjeld arealpolitikk, har klimaministeren sagt at me treng strengare statleg styring i Oslofjorden. Dei har føreslått at det skal vera forbode å byggja på 10 pst. av landarealet som er myr. Den store snakkis-saken etter budsjettet, som var gratis ferjer, er jo ei overstyring av fylkeskommunar på å fastsetja pris. Med forslaget som ligg føre frå Framstegspartiet, får kommunesektoren langt meir pengar enn dei gjer med forliket.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
