Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 5. des 2025

Ingrid Fiskaa
Ingrid Fiskaa
Sosialistisk Venstreparti·Rogaland

SakMøte fredag den 5. desember 2025 kl. 9

Innlegget

Venstre vil i sitt alternative statsbudsjett ta 5,3 mrd. kr frå folk som er sjuke. Venstre vil altså svekkja sjukelønsordninga, og argumenterer med at det vil få folk raskare tilbake i jobb. Me snakkar altså om folk som er erklært sjuke av ein lege. Me kunne jo sett for oss at me heller kunne ha gjort arbeidslivet betre, sånn at òg dei som ikkje kan yta 110 pst., kan få ei moglegheit til å arbeida så mykje som dei klarer. I staden vel altså Venstre å mistenkjeleggjera folk som er sjukmelde, og ta frå dei inntekt. SV veit at sjuke folk ikkje blir friske av å bli fattige. Kan ikkje Venstre berre slutta å stempla folk som late og giddelause?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat