Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
«Fremtiden skapes – den vedtas ikke.» I Møre og Romsdal lever vi av å skape, ikkje av skatteinntektene frå Oslo, men no ser vi ei regjering som gjer det farleg å satse, dyrt å vere norsk eigar og nesten umogleg å planleggje for framtida. Det uføreseielege er blitt den nye normalen. Når politikken er uføreseieleg, blir næringslivet forsiktig. Då stoppar investeringane, og då stoppar Noreg. Formuesskatten er eit tydeleg eksempel på korleis norskeigde bedrifter blir straffa. La meg kome med eit konkret eksempel frå mitt eige heimfylke. I Sykkylven har vi to møbelfabrikkar som ligg side ved side: Brunstad, som er ein norskeigd fabrikk og må betale formuesskatt, og Ekornes, som er eigd av kinesarar og ikkje betaler formuesskatt. Når norske eigarar må betale ein skatt som konkurrenten slepp, er det ikkje god konkurranse. Konsekvensen av formuesskatten er at vi kan risikere å tape arbeidsplassar fordi eigaren kjem frå Sykkylven og ikkje frå Shanghai. Slik kan vi ikkje ha det. Norsk eigarskap kan ikkje vere eit handikap. Det same mønsteret ser vi i andre delar av næringslivet når regjeringa endrar rammevilkåra brått og utan forvarsel. Grunnrenteskatten er eit tydeleg eksempel på det. For havbruksnæringa, som er ei viktig næring for Møre og Romsdal, blei ein ny skatt innført nærmast over natta og skapte uro og usikkerheit som hemjar investeringar og vekst i næringa. Slike plutselege og uføreseielege endringar undergrev tilliten som bedriftene treng for å våge å investere. Mange andre næringar opplever også ei liknande usikkerheit og avventar investeringar fordi dei ikkje veit kva skatt eller regulering som kan kome i morgon. Samtidig veks reguleringane og byrdene frå politikarane. Bedriftene kan ikkje bruke meir tid på skjema enn dei bruker på å skape verdiar. Det blir vanskeleg å konkurrere med verda når dei først må konkurrere med vårt eige byråkrati. Næringslivet ber ikkje om mykje. Dei ber berre om å få vite kva spelereglar som gjeld, og at dei ikkje blir endra kvar gong regjeringa treng meir pengar. FrP viser i vårt alternative budsjett at det finst ei anna retning. Vi kuttar formuesskatten – med mål om å fjerne han heilt. Vi seier nei til nye skattesjokk, som grunnrenteskatten er eit eksempel på. Vi kuttar i byråkrati og reguleringar, slik at bedriftene kan bruke tida si på verdiskaping og ikkje papirarbeid. Framtidas arbeidsplassar blir ikkje vedtekne i denne salen. Dei blir skapte av menneske som tør å satse. Dei menneska fortener ein politikk som gjer at dei kan lykkast med å skape morgondagens arbeidsplassar.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
