9. jun 202621:35· Innlegg
Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentant Kjersti Toppe om desentralisering av sjukehustilbodet og sikring av lokalsjukehus med breiddekompetanse i heile landet (Innst. 414 S (2025–2026), jf. Dokument 8:253 S (2025–2026))
Etter Framstegspartiets
syn er det ei sjølvfølge at alle skal ha tilgang på eit trygt og
godt helsevesen, uavhengig av kor dei bor. Dessverre ser vi til
stadigheit at det kjem forslag om kutt i helsetilbodet rundt om
i landet, og dette gjer oss svært bekymra.
Eit skrekkeksempel er situasjonen som er i
Helse Møre og Romsdal. Leiinga varslar omfattande kutt i sjukehus,
psykisk helsevern og ambulanse. Dette er ikkje små tilpassingar; dette
er store strukturelle endringar, og det er forslag som bidrar til
ei massiv nedbygging av helsetilbodet i fylket.
For innbyggjarane handlar det først og fremst
om kor langt det er til nærmaste fødeavdeling. Det handlar om kor raskt
ambulansen kjem, og det handlar om tryggleiken for barn og eldre
og alvorleg sjuke, når kvar time og i mange tilfelle kvart minutt
kan vere avgjerande.
Arbeidarpartiet har styrt landet i fem år,
og dei er veldig glad i å snakke om trygg og ansvarleg styring.
Altså: Å sitte stille og sjå på at helsetilbodet i Møre og Romsdal
blir bygd ned bit og bit er så langt frå trygg og ansvarleg styring
som du kan få det. Å styre handlar om å ta ansvar. Regjeringa kan ikkje
stå på sidelinja mens innbyggjarane i Møre og Romsdal risikerer
å få eit mykje dårlegare helsevesen enn i resten av landet.
Når alle varsellampene blinkar, er det ikkje
tidspunktet for å vente og sjå – det er tidspunktet for å handle.
Ja, til og med lokale arbeidarpartipolitikarar etterlyser handling
frå sin eigen statsråd. Arbeidarpartiet og deira budsjettkameratar,
dei som dei har inngått budsjettsamarbeid med, har likevel ikkje prioritert
ei einaste krone for å berge helsetilbodet til innbyggjarane i Møre
og Romsdal. Vi i Framstegspartiet tek situasjonen alvorleg, og difor
har vi sett av 200 mill. kr til ei redningspakke for Helse Møre
og Romsdal i vårt alternative reviderte budsjett.
Den siste veka har vi sett eit massivt opprop
mot dei føreslåtte kutta – frå fagforeiningar, tilsette, innbyggjarar
og offentlege aktørar. Bodskapet er så krystallklart som du kan
få det: Kutta må stoppast – og det no!
Framstegspartiet meiner at nok er nok. Vi kan
ikkje akseptere at økonomiske utfordringar skal løysast gjennom
sentralisering og svekking av akuttberedskap, ambulanse- og sjukehustilbod.
Innbyggjarane i Møre og Romsdal fortener akkurat det same som alle
andre i landet – tryggleik for at hjelpa er der når dei treng den.
Eg tek med dette opp Framstegspartiets forslag
nr. 15, og så ønskjer eg å leggje inn eit tillegg i forslaget der
ordet «rehabilitering» blir lagt til.
4. jun 202612:24· Innlegg
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ine Eriksen Søreide, Monica Molvær, Ola Svenneby, Amalie Gunnufsen, Mathias Willassen Hanssen og Mathilde Tybring-Gjedde om å løse realfagskrisen (Innst. 354 S (2025–2026), jf. Dokument 8:239 S (2025–2026))
Det er nok allment
kjent at Noreg kjem til å trenge endå fleire arbeidsfolk i åra framover.
Vi treng fleire fagarbeidarar, vi treng fleire sjukepleiarar, vi
treng fleire lærarar, fleire ingeniørar, fleire teknologar og endå
fleire som kan vere med på å skape, utvikle og finne løysingar for
eit samfunn i endring. Difor er det viktig at vi startar tidleg
med å gi elevane motivasjon, meistring og tru på sine eigne evner.
Framstegspartiet meiner at det er positivt
at endå fleire elevar får møte realfag og entreprenørskap på ein
meir praktisk og engasjerande måte. Tilbod som Newton-rom og Ungt Entreprenørskap
er gode eksempel på dette, og dei representerer to viktige sider
av den same saka: læring som blir konkret og relevant, og ikkje
minst sett ut i livet. I Newton-rom får elevane utforske realfag
gjennom praktiske forsøk og oppgåver som gjer teori forståeleg,
og ikkje minst spennande. Gjennom tilbod frå Ungt Entreprenørskap
får dei bruke kunnskapen sin til å skape noko sjølv, utvikle idear,
samarbeide, løyse problem og oppleve korleis læring kan bli til
verdiskaping. Felles for begge to er at elevane får prøve, feile
og meistre, og det er nettopp slike opplevingar som er med på å
vekkje interesse som varer over tid.
Samtidig: Skal slike tilbod ha effekt, må dei
vere tilgjengelege for endå fleire enn i dag. I dag er realiteten
at mange skular, særleg ute i distrikta, har avgrensa tilgang på
Newton-rom. Lange reiseavstandar og logistikk gjer at ikkje alle
elevar har den same moglegheita til å delta. Difor er det viktig
å sjå på korleis Newton-konseptet kan styrkjast og gjerast meir tilgjengeleg
for endå fleire kommunar. Dette handlar om at vi må sikre like gode
moglegheiter for læring, uavhengig av kor ein bur, og difor er det
òg naturleg å sjå på korleis små skular kan få stabile rammer, og
korleis digitale løysingar kan gje elevane tilgang til undervisning
og fagkompetanse som er kostbart og vanskeleg å tilby overalt i
dag.
Og berre for å understreke det: Nettundervisning
skal absolutt ikkje erstatte læraren i klasserommet, men det kan
vere eit verktøy og eit supplement som gjer at fleire elevar faktisk får
eit tilbod som dei ikkje har i dag.
Skal vi løyse realfagskrisa, må vi gjere meir
enn berre å diskutere enkeltordningar. Vi må tenkje heilskapleg.
Vi må gi fleire elevar moglegheita til å oppleve meistring, nysgjerrigheit
og læringsglede, og vi må erkjenne at framtidas arbeidskraft ikkje
kjem av seg sjølv. Ho kjem frå elevar som får sjansen til å prøve,
utforske og lykkast.
28. mai 202615:52· Innlegg
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag frå stortingsrepresentantane Erling Sande, Bengt Fasteraune og Ole Herman Sveian om ei treårig lærarutdanning som bidreg til fleire kvalifiserte lærarar i norske klasserom (Innst. 314 S (2025–2026), jf. Dokument 8:218 S (2025–2026))
Eg vil starte med
å seie at eg synest Senterpartiet i dette forslaget tek opp ei viktig
utfordring som vi står overfor i norsk skule, når dei peikar på
den mangelen som er på kvalifiserte lærarar rundt omkring i klasseromma.
Rekrutteringsutfordringane er jo høgst reelle, og dette er ein debatt
vi absolutt må ta. Vi må diskutere korleis lærarutdanninga kan bli
meir fleksibel, praksisnær og yrkesretta, og eg vil tru at forslaget
spring ut frå akkurat denne utfordringa.
Samtidig meiner Framstegspartiet at debatten
òg må handle om meir enn berre antal år på lærarutdanninga, for
utfordringane i skulen er større og meir samansette enn før. Lærarane
skal ikkje berre handtere faglege oppgåver, dei skal møte elevar
med psykiske utfordringar, uro, fråvær og stadig større og meir
komplekse behov. Mange lærarar fortel at dei ofte står aleine i denne
typen situasjonar, som eigentleg krev fleire typar kompetanse for
å kunne handtere og hjelpe elevane på ein best mogleg måte.
Difor treng vi ikkje berre fleire lærarutdanna
inn i skulen. Vi treng òg fleire ulike yrkesgrupper inn i skulen, og
ikkje minst må vi gjere det enklare for folk med andre typar utdanning
å kvalifisere seg til å bli lærarar for å kunne jobbe i klasserommet.
Skal vi lykkast med å styrkje norsk skule framover, må
vi tenkje breiare rundt kva type kompetanse elevane treng i klasserommet.
Ein endå betre skule blir skapt av at fleire med ulik bakgrunn og
erfaring kan bidra inn i undervisninga, og Framstegspartiet meiner
difor at vi må opne for fleire vegar inn i læraryrket og gjere det
enklare for folk med andre typar utdanning og erfaring å kvalifisere
seg til å undervise i skulen.
26. mai 202613:17· Innlegg
Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Marius Langballe Dalin, Oda Indgaard, Ingrid Liland, Arild Hermstad, Siren Julianne Jensen, Frøya Skjold Sjursæther og Une Bastholm om å avvikle Helseplattformen og sørge for brukervennlige journalsystemer (Innst. 328 S (2025–2026), jf. Dokument 8:155 S (2025–2026))
I dag har Stortinget
moglegheita til å rette opp ein av dei aller største feilinvesteringane
i norsk helsevesen på mange, mange år, og det sjølvsagt Helseplattformen
vi diskuterer her.
Då systemet blei lansert, var lovorda store,
og vi fekk presentert ein visjon om éin innbyggjar, éin journal,
betre samhandling og endå meir tid til pasientane. Eg tviler ikkje
på at intensjonane sjølvsagt var gode, men problemet er berre at verkelegheita
blei ei heilt anna. For helsepersonell, for pasientar og for pårørande
har Helseplattformen i altfor stor grad blitt eit symbol på frustrasjon,
utryggleik og sviktande tillit.
Legeforeningen, Sykepleierforbundet, brukarorganisasjonar
og pårørande har varsla om alvorlege problem heilt sidan innføringa
starta, og varsellampene har blinka lenge. Riksrevisjonen har, som
fleire andre her har nemnt, retta sterk kritikk mot systemet og
peika på at det går ut over pasientsikkerheita. Tilsette opplever
systemet som komplisert og tidkrevjande, og dei brukar verdifull
tid på å leite etter informasjon i staden for å bruke tid på pasientane.
Når helsepersonell seier at systemet gjer kvardagen
deira vanskelegare, meiner eg sjølvsagt at vi må gjere noko. Når
pasientane opplever svikt og utryggleik, må vi òg gjere noko, og når
milliardane renn ut utan at resultata står i stil med kostnadene,
må Stortinget tore å innrømme at dette ikkje fungerer, og setje
eit endeleg punktum.
I Helse Møre og Romsdal skal det no sparast
opp mot 1 mrd. kr dei neste åra. Konsekvensane ser vi allereie:
stengte avdelingar, redusert bemanning, lengre ventelister og kutt
i rehabilitering og førebyggjande tilbod. No blir det òg varsla kutt
i prehospitale tenester, slik som ambulanse og ambulansebåt. For
folk som bur langs kysten og i distrikta, handlar dette om tryggleik
når det er snakk om minutt, og dette kjem i tillegg til ytterlegare
varsla kutt i behandlingstilbodet.
Altså: Vi aksepterer ikkje at helsetenestene
i Møre og Romsdal byggjast ned samtidig som milliardprosjekt som ikkje
fungerer etter intensjonen, får fortsetje – på kostnad av innbyggjarane
i Møre og Romsdal.
Noreg skal vere eit land der folk kan stole
på helsetenestene sine, uansett kvar dei bur, og då må vi tore å
stoppe når eit prosjekt ikkje leverer på det som blei lova.
19. mai 202613:14· Replikk
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om å sikre fullføring og kvalitet i videregående opplæring (Innst. 270 S (2025–2026), jf. Dokument 8:273 S (2025–2026))
Takk for svaret.
I det same svaret viser statsråden til at ungdom ikkje er i same
livssituasjon som vaksne. Samtidig veit vi at mange unge slit med
psykisk helse, fråvær og motivasjon, eller at dei ønskjer å kombinere
skule med arbeid eller noko praktisk, for nokon ønskjer seg ein
meir praktisk skulekvardag. Då lurar eg på: Kvifor meiner statsråden
at dagens system er fleksibelt nok for desse elevane, når vi framleis
ser at det er ein del elevar som fell frå? Det viktigaste må jo
vere at ein klarar å få seg ein veg til utdanning og få gjennomført
noko skule, framfor at ein held vidare på det systemet som gjer
at fleire fell frå, sånn at ein klarar å oppretthalde ein viss fleksibilitet
som gjer at elevane lettare kan kome seg gjennom skulen.
19. mai 202613:12· Replikk
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om å sikre fullføring og kvalitet i videregående opplæring (Innst. 270 S (2025–2026), jf. Dokument 8:273 S (2025–2026))
I sin uttale til
saka viser statsråden til at modulbasert opplæring er innført for
vaksne for å gje nettopp meir fleksibilitet og betre tilpassing
for den enkelte. Eg lurer difor på kvifor statsråden meiner at ikkje
fleire ungdomar som står i fare for å falle frå, skal få den same
moglegheita og fleksibiliteten.
19. mai 202612:53· Innlegg
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby, Abid Raja og Grunde Almeland om å sikre fullføring og kvalitet i videregående opplæring (Innst. 270 S (2025–2026), jf. Dokument 8:273 S (2025–2026))
Joakim Myklebost Tangen (FrP) [12:53:01] (ordførar for saka):
Aller først vil eg takke komiteen for eit godt samarbeid i saka.
Komiteen deler bekymringa til forslagsstillarane
for utanforskap i skulen. Det er viktig for både elevar og lærarar at
det blir tilbydd ulike former for opplæring som bidreg til at flest
mogleg får moglegheita til å ta og fullføre vidaregåande opplæring.
Komiteen meiner òg at det er viktig å sikre at tilboda er tilstrekkeleg
finansierte, og god planlegging er viktig for å sikre riktig dimensjonering
av tilbodet. Det er difor viktig at ein sørgjer for eit fleksibelt,
men tydeleg regelverk som gjev skulane rom for å forme tilboda på
sin skule til det beste for elevane og lærarane.
Sjølv om det er brei einigheit om utfordringsbiletet
i saka, har partia ulike syn på kva verkemiddel som best kan bidra til
at fleire fullfører vidaregåande opplæring. Eg vil no gå over til
å leggje fram Framstegspartiets syn i saka.
Framstegspartiet meiner at skulen skal vere
ein plass der elevane får moglegheita til å lykkast. Skal vi klare
å få til det, er det viktig at vi anerkjenner at alle elevar er
ulike og unike. Det er ikkje slik at ein kan ha ein skule som er
tilpassa ein gjennomsnittselev som ikkje eksisterer, vi må sørgje
for at skulen er fleksibel og gjev elevane rom til å vere med og
forme sin eigen skulekvardag gjennom fleire valfag, meir praktisk
opplæring og fleire alternative opplæringsløp.
For Framstegspartiet er det viktig å utvikle
fleire fleksible modellar for vidaregåande opplæring. Nokre elevar
lærer best gjennom tradisjonell klasseromsundervisning, mens andre
har behov for meir praktisk tilpassa opplæring. Modulbasert opplæring
kan vere eit viktig verktøy for å hindre fråfall og bidra til at
fleire elevar opplever meistring undervegs i opplæringsløpet. Ved
å dele inn opplæringa i mindre og meir oversiktlege modular kan
fleire elevar få moglegheita til å fullføre i sitt eige tempo, kombinere
opplæring med arbeid eller andre utfordringar i livet, og få dokumentert
kompetanse undervegs. Framstegspartiet meiner dette er ein meir
realistisk og fleksibel måte å møte mangfaldet blant elevane på.
Eg vil med dette tilrå forslag til vedtak II
i tilrådinga, som Framstegspartiet er med på.
26. mar 202617:37· Innlegg
Møte torsdag den 26. mars 2026 kl. 10
Folk står no ved
pumpene og fyller drivstoff til skyhøge prisar, og vi har nyleg
fått ein skrekkeleg rekord. Drivstoffprisane i Noreg har altså bikka
30 kr literen. Dette er ikke fjern statistikk. Dette er kvardagen
til folk. Det er ikkje eit problem vi kan sitje og håpe på at skal
gå over. Det er ikkje eit skrubbsår som skal gro. Det er ein akutt
situasjon for norske innbyggjarar og for norske bedrifter.
Når drivstoffprisane skyt i vêret, stoppar
ikkje konsekvensane ved pumpa når det skal betalast. Nei, det spreier
seg ut gjennom heile samfunnet. Transportkostnadene aukar, og prisane
på varer aukar. Til slutt er det igjen norske hushaldningar som
sit igjen med rekninga, den same rekninga dei hadde ved pumpa. Vi
får tydelege åtvaringar frå både bygg-, transport- og anleggsbransjen
om at dersom dette fortset, kjem konkursane, og at arbeidsplassar
står i fare.
Arbeidarpartiet er veldig glad i å snakke på
inn- og utpust om trygg styring, men er det verkeleg trygg styring
å la folk stå aleine med dei prisane vi no ser på opp mot 30 kr
literen? Er det trygg styring å sende rekninga rett til dei som
allereie slit med å få endane til å møtast?
Bilen er ikkje eit luksusgode slik mange gjerne
trur, og at folk køyrer bil for artigheit. Nei, slik er det slett
ikkje. Bilen er ei nødvendigheit i kvardagen til folk. Dei som blir
ramma hardast av dei høge drivstoffprisane, er folk som bur på bygda.
Der har ikkje alle heller råd til å kjøpe seg ny elbil, for ein ser
jo av statistikken at dei som har god råd, køyrer elbil, mens dei
som ikkje har like god råd, beheld den gode gamle bilen sin nokre
år til.
Alternativa på bygda eksisterer kanskje ikkje
heller. Bussen går ikkje. Enkelte plassar veit ein knapt nok kva
ein buss er for noko, for dei har aldri sett han. Ein snakkar gjerne
om eit kollektivtilbod som skal vere så godt, men mange plassar i
Noreg eksisterer ikkje det. Dei som bur på bygda og er avhengige
av bilen, er folk som skal levere i barnehagen, skal på jobb, skal
handle på butikken. Som eg sa, er det ingen andre alternativ, og
då må dei stå ved pumpa og fylle for 30 kr literen. Det er dei som
blir ramma hardast av dette. Dei står no ved pumpene og fyller til
skyhøge prisar, og her sit vi i Stortinget og har moglegheita til
å gjere noko med det.
Vi kan ikkje sitje stille og sjå på at folk
blir flådd. Vi har eit ansvar for å lette presset på folk, for å
sikre arbeidsplassar og for å ta ansvar i ei krevjande tid.
12. feb 202613:00· Innlegg
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Simen Velle, Line Marlene Haugen, Lill Harriet Sandaune, Joakim Myklebost Tangen, Sylvi Listhaug, Lars Rem, Finn Krokeide, Tor André Johnsen og Morten Kolbjørnsen om å godkjenne Jotunheimen privatistskule som en offentlig finansiert kristen privatskole og Representantforslag fra stortingsrepresentantene Guri Melby og Grunde Almeland om å endre privatskolelova for å sikre friere etableringsrett (
Framstegspartiet
har i alle år kjempa for at elevar og foreldre skal få auka sin
valfridom og ha eit mangfaldig skuletilbod. Det er difor viktig
for oss at det skal vere enkelt å etablere friskular, då dette er
eit godt supplement til den offentlege skulen. Dette inkluderer
bl.a. å redusere vektinga av uttalene til kommunane og fylka, som
i praksis no dei siste åra har betydd eit veto mot etablering etter
endringane som blei gjort i 2023. Vi vil òg motsetje oss regjeringa
si innstramming av livssynskrav.
Dei vanlegaste grunnane til at kommunane eller
fylka er negative til etablering av friskular, er at dei meiner
det går utover deira eigne skular, og at rammeoverføringa frå staten
kan bli redusert. Dette er konsekvensar det er vanskeleg å kome bort
frå når det blir etablert ein friskule i området, men i tillegg
er det verdt å merke seg at kommunane ikkje blir trekte fullt for
elevar som går over til ein friskule. Etter at den endringa i lova
blei gjort i 2023, verkar det nesten meir som det er ideologien
som har styrt, ikkje departementet sine faglege vurderingar av kva
som er det beste for elevane i desse sakene.
Framstegspartiet er heilt imot instruksen om
innstramming av livssynskrav som blei send Utdanningsdirektoratet. Konsekvensen
av denne instruksen var at ei rekkje skular fekk avslag frå Utdanningsdirektoratet
grunna manglande livssynstilknyting. Dette medførte bl.a. at Akademiet
ikkje fekk etablere seg på Ski og i Lillestrøm. Det er òg ei rekkje andre
skular som har fått avslag med denne grunngjevinga, som har kome
opp i debatten her frå andre representantar. Vi i Framstegspartiet
synest den grunngjevinga er heilt, heilt urimeleg.
Praktiseringa som har vore sidan 2024, då Utdanningsdirektoratet
fekk ny instruks frå departementet, har medført at færre friskular
har fått etablere seg, og at den grunnleggjande retten elevane og
foreldra har til å velje skule, har blitt svekt, då færre har fått
lov til å etablere seg, og tilbodet har blitt mindre. Det bidreg
sjølvsagt til mindre mangfald i tilbodet til elevane.
Framstegspartiet meiner det er riktig at vi
skrotar den instruksen og lovendringa som har blitt gjort, og sørgjer
for at elevane og foreldra får reell valfridom, uavhengig av kor
i landet dei bur.
12. feb 202612:08· Innlegg
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Simen Velle, Line Marlene Haugen, Lill Harriet Sandaune, Helge André Njåstad, Joakim Myklebost Tangen og Julia Brännström Nordtug om justering av fraværsreglene i videregående skole (Innst. 103 S (2025–2026), jf. Dokument 8:32 S (2025–2026))
Det er svært gledeleg
at vi no får sikra gjennomslag for viktige endringar i fråværsgrensa.
Dette er først og fremst ein siger for dei norske elevane. Når vi
skal ha ei fråværsgrense, er det viktig at vi har klare og tydelege
reglar som er enkle å forstå for både lærarane og elevane, slik
at det ikkje blir ulik praksis rundt om i landet, som vi har sett
fleire eksempel på den siste tida. Når vi får tydelege og klare
meldingar om at ting ikkje fungerer som det skal, er det vår plikt
og vårt ansvar å prøve å gå gjennom systemet for å sikre at det
fungerer godt for både elevane og lærarane.
For Framstegspartiet er det viktig at vi har
ei fråværsgrense, slik at vi sikrar at elevane møter opp. Det er
òg heilt i tråd med det kunnskapsministeren har sagt. Det er i tillegg med
på å førebu elevane på arbeidslivet som dei ein gong skal ut i,
der det er ei klar forventing om at ein skal møte opp. At vi no
får endra på dei innstrammingane som blei gjorde i fråværsgrensa
i haust, der elevar plutseleg fekk fråvær for å oppsøkje skulehelsetenesta,
er viktig og riktig. Det skal vere låg terskel for å besøkje skulehelsetenesta,
og det bidrar denne endringa til.
5. feb 202617:08· Innlegg
Innstilling fra helse- og omsorgskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Sylvi Listhaug, Kristian August Eilertsen, Dagfinn Henrik Olsen, Bjørn Larsen, Hilde Grande, Frank Edvard Sve og Joakim Myklebost Tangen om bedre hjertebehandling i Nord-Norge og Midt-Norge (Innst. 96 S (2025–2026), jf. Dokument 8:33 S (2025–2026))
Når nokon får eit
hjarteinfarkt, er tid forskjellen på liv og død. Kvart minutt utan
behandling aukar risikoen for alvorlege skadar, eller at livet kan
gå tapt. Likevel meiner både Arbeidarpartiet og Høgre det er greitt
at innbyggjarar i Møre og Romsdal ikkje har same tilgangen på livreddande
behandling som i resten av landet. Eg lurar verkeleg på om Høgre
og Arbeidarpartiet meiner folk i Møre og Romsdal er mindre verde enn
folk i resten av landet. Framstegspartiet meiner dette er heilt
uakseptabelt, og vi meiner postnummeret ikkje skal avgjere kva tilbod
ein får.
I dag har ikkje Møre og Romsdal eit PCI-senter,
og ved alvorlege hjerteinfarkt blir pasientar i hovudsak sende til St. Olavs
hospital i Trondheim. For mange er det i praksis klin umogleg å
nå fram innanfor de 120 minutta som er avgjerande for effektiv behandling
for å redde liv. Det er ikkje teori. Det er realitetar. Vêrforhold,
tekniske problem og samtidige oppdrag gjer at opptil ein fjerdedel
av ambulanseflygingane ikkje kan gjennomførast. Konsekvensane er
at pasientane ikkje kjem fram i tide, som igjen kan koste liv.
Når Arbeidarpartiet og Høgre, med fleire, vel
å stemme imot å etablere eit PCI-senter i Ålesund, stemmer dei samtidig
for at folk i Møre og Romsdal skal leve med ein større risiko enn
andre. Dei aksepterer ei helseteneste der postnummeret avgjer kor
raskt ein får behandling.
Det er ikkje mangel på fagleg grunnlag som
er problemet. Møre og Romsdal har stort nok pasientgrunnlag til
å drifte eit PCI-senter med høg kvalitet. Ålesund sjukehus har allereie
eit sterkt kardiologisk fagmiljø, moderne infrastruktur og ei naturleg
plassering i fylket som godt dekkjer regionane både på Sunnmøre
og i Nordfjord. Likevel vel Høgre og Arbeidarpartiet å seie nei.
Dette handlar ikkje om prestisje eller struktur.
Det handlar om tryggleiken til folk flest. Det handlar om at ei
mor, ein far eller ein besteforelder skal ha same sjansen til å
overleve eit hjarteinfarkt, uavhengig av kvar dei bur hen i landet.
For Framstegspartiet er det enkelt. Retten til rask og trygg akuttbehandling
er ein del av retten til eit trygt og verdig liv. Når andre parti
snakkar om likeverdige helsetenester, men stemmer imot når det verkeleg
gjeld, vel Framstegspartiet å stå på lag med innbyggjarane og pasientane
i Møre og Romsdal.
18. des 202513:36· Innlegg
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2026, kapitler under Kunnskapsdepartementet samt forskningskapitler under Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet (rammeområde 16) (Innst. 12 S (2025–2026), jf. Prop. 1 S (2025–2026))
Noreg skal byggjast,
drivast og utviklast også i framtida. Då treng vi ikkje berre gode
planar og ambisjonar. Vi treng faktisk folk som gjer jobben – folk
som kan byggje, reparere, produsere, installere og vedlikehalde.
Difor er yrkesfaga ikkje berre eit alternativ i utdanningspolitikken,
men ein føresetnad. Det er svært gledeleg å sjå at stadig fleire
ungdomar vel yrkesfag. I mitt eige fylke, Møre og Romsdal, ligg
vi på topp. Der har heile 65 pst. av elevane søkt seg til yrkesfag.
Dette viser at ungdomane ønskjer seg ein meir praktisk og relevant
veg inn i arbeidslivet.
Mange fylke står no i krevjande økonomiske
situasjonar. Innsparingar fører til at skular blir føreslått lagde ned,
særleg i distrikta og på skulane med låge elevtal. Nedlegging blir
ofte presentert som einaste løysing. Framstegspartiet meiner nedlegging
av skular er ei for enkel løysing på dette problemet, då behovet
for utdanning ikkje er redusert sjølv om elevtalet går ned. Framstegspartiet
vil i staden satse på fleksible og alternative opplæringsmodellar.
I vårt alternative statsbudsjett sikrar vi 300 mill. kr til utvikling
av og innkjøp til vidaregåande skular.
Søkartala til yrkesfag kan variere veldig mykje
frå år til år, noko som gjer det krevjande å planleggje tilbodet. Nettopp
difor er samarbeid med næringslivet heilt avgjerande. Gjennom ulike
bedriftsmodellar kan større delar av opplæringa skje i bedrift,
noko som gjev elevane meir relevant kompetanse.
Vi ser gode eksempel på dette i kommunar som f.eks.
Steigen og Tingvoll, der ein har vore løysingsorientert for å gje
elevane eit godt og variert utdanningstilbod, sjølv med små elevgrupper.
Slike modellar gjer det òg mogleg å oppretthalde skular og utdanningstilbod lokalt,
i staden for å sentralisere og leggje ned. Steigen-modellen er eit
veldig godt eksempel på det. Her er elevane i bedrift frå første
dag i vidaregåande opplæring, med ein tydeleg struktur som gjev
ein trygg og glidande overgang frå skule til arbeidsliv.
Framstegspartiet meiner vi må bli flinkare
til å ta i bruk alternative opplæringsløp som bryt med det tradisjonelle.
Meir praksis i bedrift, produksjonsbasert læring og fleksible løp
gjev høgare motivasjon og betre gjennomføring. Næringslivet vårt
vil vere heilt avhengig av fagarbeidarar i åra som kjem. Då er det
viktig at vi anerkjenner verdien til yrkesfaga fullt ut. Eit meisterbrev
er like mykje verdt som ein mastergrad.
Skal vi sikre framtida, treng vi fleire oskeladdar
– folk med praktisk sans som er løysingsorienterte og har evner
til å få noko gjort.
18. des 202513:12· Innlegg
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2026, kapitler under Kunnskapsdepartementet samt forskningskapitler under Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet (rammeområde 16) (Innst. 12 S (2025–2026), jf. Prop. 1 S (2025–2026))
Utdanning må vere
brua mellom skule og arbeidsliv. Og som i eventyret med dei tre
bukkane Bruse kjem vi oss ikkje over brua med berre prat. Brua må
faktisk vere bygd, og ho byggjer ikkje seg sjølv. Då treng vi folk
som kan faget sitt.
Mange bedrifter rundt om i landet har stor
mangel på kompetent arbeidskraft, og vi må sørgje for at vi har eit
system som utdannar nok folk til dei yrka det er stor etterspørsel
etter kompetansen til. Framstegspartiet ser viktigheita av at tilbodet
i utdanningssektoren matchar det som er næringslivets behov.
Fagskulane tilbyr praktisk kompetanse som direkte bidreg
til verdiskaping, spesielt innanfor tekniske og maritime næringar.
Gode samarbeid med næringslivet gjennom praksisplassar kan sikre
god relevans i utdanninga, der næringslivet er med på å forme utdanninga. Særleg
viktig no er dei maritime faga sidan Forsvaret skal styrkjast i
åra framover, og dei maritime faga har stort behov for kostbart
og avansert utstyr. Dette gjeld alt frå simulatorar til avanserte
maskinrom, som er heilt nødvendige for å sikre god opplæring på
moderne utstyr, som dei kjem til å møte ute i arbeidslivet. Desse
skulane må få sine reelle utgifter dekte. For å sikre at skulane kan
gjere nødvendige investeringar i utstyr, føreslår Framstegspartiet
å auke tilskotet til fagskular med 20 mill. kr for å sikre at dei
faktisk blir tilstrekkeleg finansierte.
Dagens finansieringsmodell og organisering
gjev rom for ulik praktisering mellom dei ulike fylka. Dette er uheldig,
då det skaper ulik praktisering, og det hemmar satsinga innanfor
fagskulesektoren. Mange fylke er nøydde til å bruke sine frie midlar
til å finansiere fagskuletilbodet og gjennomføre nødvendige investeringar
i utstyr.
Landet over opplever ein den pressa økonomien
i fylka, og dei er nøydde til å spare på alle område i drifta. Dette
fryktar vi kjem til å gå ut over tilbodet. Difor meiner vi at ansvaret
og finansieringa ideelt sett burde bli tilbakeført til staten. Det
er uansett essensielt at det blir sikra stabil, rettferdig og føreseieleg
finansiering for heile fagskulesektoren.
Fagskulane bør ha like moglegheiter til å tilby
den kompetansen arbeidslivet etterspør, uavhengig av økonomien til
fylkeskommunen.
Heldigvis ser vi at mengda studentar på fagskulane har
auka meir dei siste åra. Dette er i tråd med det arbeidslivet etterspør.
Då må vi også som politikarar sørgje for at sektoren får økonomisk
berekraftige rammevilkår. Framstegspartiet vil jobbe for å få på
plass ein ambisiøs langtidsplan for utvikling av fagskulane. Ein rettferdig
og føreseieleg finansieringsmodell og ei satsing på fagskulane vil
bidra til auka vekst og ei styrking av norsk konkurransekraft.
18. des 202512:59· Replikk
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2026, kapitler under Kunnskapsdepartementet samt forskningskapitler under Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet (rammeområde 16) (Innst. 12 S (2025–2026), jf. Prop. 1 S (2025–2026))
Det er som det
blei nemnt her, sett av 68 mill. kr til å opprette 900 nye fagskuleplassar.
Det eg lurer på, er om statsråden kan garantere at det er nok pengar
til 900 studieplassar, for det er veldig ulik kostnad på dei ulike
studieretningane. Spesielt dei tekniske og maritime faga er veldig
kostbare fordi det er behov for utstyr og avansert materiell – både
maskinrom og simulatorar som gjer at dette er kostbare utdanningar
samanlikna med andre fagskulestudiar.
18. des 202512:57· Replikk
Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om bevilgninger på statsbudsjettet for 2026, kapitler under Kunnskapsdepartementet samt forskningskapitler under Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet (rammeområde 16) (Innst. 12 S (2025–2026), jf. Prop. 1 S (2025–2026))
Regjeringa har
sagt at dei ønskjer å satse på fagskular og spesielt utdanningar
innanfor tekniske og maritime fag. Dette er Framstegspartiet heilt
einig i og synest at er ei kjempebra prioritering. Vi meiner at
det er viktig no som Forsvaret har sagt at dei skal styrkje Forsvaret
og treng endå meir personell. I tillegg har endå fleire valt yrkesfag,
og kanskje ønskjer dei seinare å ta etter- og vidareutdanning og
kan gå inn på fagskulane. For å sikre at det blir fleire plassar
på desse studia, er det viktig at det blir sikra god finansiering.
Mange fylke opplever i dag ein pressa økonomi og må dessverre kutte
i tilbodet. Eg vil difor spørje statsråden om ho kan forsikre om
at reelle kostnader knytt til studieplassar på tekniske og maritime
fag blir dekte med dagens tilskotsordning.
5. des 202519:53· Innlegg
Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2026 og forslaget til statsbudsjett for 2026 (Innst. 2 S (2025–2026), jf. Meld. St. 1 (2025–2026) og Prop. 1 S (2025–2026))
Helse Møre og Romsdal
står no midt i ei alvorleg krise. Dei neste åra må helseføretaket
spare 700 mill. kr, og dei planlegg å kutte opptil 500 årsverk.
Dette er noko som betyr færre hender til å behandle pasientar, og
dei tilsette må jobbe hardare, med færre kollegaer. Dette går direkte
ut over pasientbehandlinga, ventetidene kjem til å auke, og fleire
viktige tilbod står i fare for å forsvinne.
Dei siste åra har det blitt gjort ein del nødvendige
investeringar, som f.eks. å byggje nytt sjukehus. Problemet er at helseføretaket
sjølv må dekkje inn kostnadene ved investeringane, og dette fører
igjen til kraftige kutt i tilbodet. Pengar som skulle gått til behandling,
går i staden til renter og avdrag. Resultatet blir kutt i bemanning
og pasienttilbod. I tillegg har innføringa av Helseplattformen vore
kostbar og problematisk, noko som har ført til budsjettoverskridingar
og enda meir innsparing.
Dagens modell set systemet før pasienten, og
dette meiner vi i Framstegspartiet er heilt feil. Samtidig har regjeringa svikta
fullstendig. Dei spring frå ansvaret sitt, og dei klarer ikkje å
sørgje for at Helse Møre og Romsdal har nok pengar til å drive eit
forsvarleg helsetilbod. Det som er problemet i dag, er at ein ikkje
snakkar om å ha eit godt helsetilbod, men om at det skal vere forsvarleg.
Eg meiner vi burde begynne å snakke om at vi skal ha eit godt helsetilbod,
men med dagens politikk blir det vanskeleg å snakke om det, for
når det blir stadig fleire innsparingar, tærer det på den bemanninga
som er der. Ein ser allereie i dag at det er store utfordringar
knytte til rekruttering og å behalde dei ein har, fordi dei er nøydde
til å stå i dette over tid. Dei tilsette har ropt varsku over lang
tid, utan at nokon verdas ting har skjedd.
Alt håp er ikkje ute. Det finst heldigvis alternative
måtar å drifte sjukehusa våre på enn det vi har i dag. Framstegspartiet
vil avvikle helseføretaksmodellen og skilje drift og investering,
slik at pengane som går til helse, faktisk blir brukte på pasientane,
og at investeringar i bygg og utstyr ikkje skal føre til kutt i
pasientbehandlinga. For å løyse dei akutte utfordringane Helse Møre
og Romsdal står i, føreslår Framstegspartiet å gje ei krisepakke
på 200 mill. kr i 2026. Dette vil gje helseføretaket handlingsrom
til å redusere ventetider, behandle fleire pasientar og sikre trygg
og forsvarleg drift.
For å sikre ei nødvendig styrking av helsetilbodet
føreslår vi å auke sjukehusbudsjettet med 1,2 mrd. kr. Dette er pengar
som kjem pasientane til gode. Det er denne retninga helsetenesta
treng – ei retning som set pasienten først.
5. des 202518:37· Innlegg
Innstilling fra finanskomiteen om nasjonalbudsjettet 2026 og forslaget til statsbudsjett for 2026 (Innst. 2 S (2025–2026), jf. Meld. St. 1 (2025–2026) og Prop. 1 S (2025–2026))
«Fremtiden skapes
– den vedtas ikke.» I Møre og Romsdal lever vi av å skape, ikkje
av skatteinntektene frå Oslo, men no ser vi ei regjering som gjer
det farleg å satse, dyrt å vere norsk eigar og nesten umogleg å
planleggje for framtida. Det uføreseielege er blitt den nye normalen.
Når politikken er uføreseieleg, blir næringslivet forsiktig. Då
stoppar investeringane, og då stoppar Noreg.
Formuesskatten er eit tydeleg eksempel på korleis
norskeigde bedrifter blir straffa. La meg kome med eit konkret eksempel
frå mitt eige heimfylke. I Sykkylven har vi to møbelfabrikkar som
ligg side ved side: Brunstad, som er ein norskeigd fabrikk og må
betale formuesskatt, og Ekornes, som er eigd av kinesarar og ikkje
betaler formuesskatt.
Når norske eigarar må betale ein skatt som
konkurrenten slepp, er det ikkje god konkurranse. Konsekvensen av
formuesskatten er at vi kan risikere å tape arbeidsplassar fordi
eigaren kjem frå Sykkylven og ikkje frå Shanghai. Slik kan vi ikkje
ha det. Norsk eigarskap kan ikkje vere eit handikap.
Det same mønsteret ser vi i andre delar av
næringslivet når regjeringa endrar rammevilkåra brått og utan forvarsel. Grunnrenteskatten
er eit tydeleg eksempel på det. For havbruksnæringa, som er ei viktig
næring for Møre og Romsdal, blei ein ny skatt innført nærmast over
natta og skapte uro og usikkerheit som hemjar investeringar og vekst
i næringa. Slike plutselege og uføreseielege endringar undergrev
tilliten som bedriftene treng for å våge å investere. Mange andre
næringar opplever også ei liknande usikkerheit og avventar investeringar
fordi dei ikkje veit kva skatt eller regulering som kan kome i morgon.
Samtidig veks reguleringane og byrdene frå
politikarane. Bedriftene kan ikkje bruke meir tid på skjema enn
dei bruker på å skape verdiar. Det blir vanskeleg å konkurrere med
verda når dei først må konkurrere med vårt eige byråkrati. Næringslivet
ber ikkje om mykje. Dei ber berre om å få vite kva spelereglar som
gjeld, og at dei ikkje blir endra kvar gong regjeringa treng meir
pengar.
FrP viser i vårt alternative budsjett at det
finst ei anna retning. Vi kuttar formuesskatten – med mål om å fjerne
han heilt. Vi seier nei til nye skattesjokk, som grunnrenteskatten er
eit eksempel på. Vi kuttar i byråkrati og reguleringar, slik at
bedriftene kan bruke tida si på verdiskaping og ikkje papirarbeid.
Framtidas arbeidsplassar blir ikkje vedtekne
i denne salen. Dei blir skapte av menneske som tør å satse. Dei
menneska fortener ein politikk som gjer at dei kan lykkast med å skape
morgondagens arbeidsplassar.
3. des 202514:22· Replikk
Møte onsdag den 3. desember 2025 kl. 10
Beredskap og sikkerheit
er jo, som statsråden er inne på, viktigare no enn nokon gong, når
vi ser dei auka truslane rundt omkring i samfunnet, òg frå internasjonale
makter vi ikkje styrer over.
Aftenposten hadde i 2022 ein artikkel der akkurat
det med sikkerheit ved bl.a. Nyhamna blei sett i fokus. Der det som
er på den andre sida av gassrøyret, som er i Storbritannia, er beskytta
av væpna politi og gjerde med 10 000 volt, har vi knapt nok vakthald
og gjerde som kan stå imot ei avbitartong – samanlikna med britane.
Då spør eg: Kva tenkjer statsråden om den store
forskjellen på korleis britane ser på sikkerheit på sine olje- og
gassterminalar, samanlikna med korleis vi gjer det her i Noreg?
Er vi for naive, eller synest statsråden at sikkerheita er tilstrekkeleg?
3. des 202514:20· Replikk
Møte onsdag den 3. desember 2025 kl. 10
Takk til statsråden
for svaret.
Sjølv om budsjetta har auka dei siste fire
åra, ser vi at polititettleiken i Møre og Romsdal faktisk har gått
noko ned frå 2021 til 2025. Eg tek utgangspunkt i at statsråden
er einig i PSTs trusselvurdering for 2025, der det er slått fast
at det er auka sannsyn for sabotasje mot den typen installasjonar
som olje- og gassterminalar er.
I så fall: Korleis skal statsråden sikre at
beredskapen ligg på eit godt nivå for Nyhamna?
3. des 202514:16· Innlegg
Møte onsdag den 3. desember 2025 kl. 10
«Politiårsverka
i Møre og Romsdal har stått i ro under Aps regjeringsperiode, i
motsetning til i perioden FrP styrte. Då auka politidekninga med
43,7 pst. Trusselvurderinga til Politiets sikkerheitsteneste indikerer
at det er sannsynleg med russiske sabotasjeaksjonar mot mål i Noreg,
spesielt mot energianlegg og kablar. Nyhamna i Aukra er ein av Nord-Europas største
gassterminalar, og naboar merkar uønskt russisk interesse ved anlegget.
Meiner statsråden utviklinga i politidekninga
speglar den endra sikkerheitssituasjonen i Møre og Romsdal?»
14. okt 202513:23· Innlegg
Møte tirsdag den 14. oktober 2025 kl. 10
Partiprogrammet
til Framstegspartiet slår fast:
«Norge er et av verdens aller beste
land å leve i, da må vi også øke ambisjonene og sørge for at vi
har en skole i verdenstoppen.»
Trontalen mangla dessverre ambisjonar for norsk
skule. Framstegspartiet har høge ambisjonar, og høge ambisjonar
er nettopp det norske elevar ønskjer.
Dagens skule er altfor teoretisk og passar
berre for nokre få elevar. Mange fell dessverre utafor og opplever
at undervisninga ikkje er tilpassa deira nivå. Gjennomsnittseleven som
skulen er laga for, eksisterer rett og slett ikkje, og det er eit
stort problem.
Nivådeling i grunnskulen vil gjere at elevar
kan få undervisning som er betre tilpassa deira eigne føresetnader.
Det vil gje dei eit betre grunnlag for å velje riktig linje på vidaregåande
og større moglegheiter til å gjennomføre vidaregående opplæring
med gode resultat.
Framstegspartiet meiner at elevar bør få større
innflytelse på sin eigen skulekvardag. Det kan vi gjere ved å tilby
fleire valfag og meir praktisk undervisning, slik at faga er betre
tilpassa interessene til elevane. Når elevar får velje fag dei er
engasjerte i, aukar motivasjonen, og det gjev betre resultat. Engasjerte
elevar er meir motiverte og har større sjansar for å lykkast, både
på vidaregåande og i arbeidslivet. Vi meiner at skulen bør tilpasse
seg behova til den enkelte eleven og gje dei moglegheita til å utvikle
styrkar og praktiske ferdigheiter. Valfridom i skulekvardagen skaper
eit utdanningsløp der elevane får større ansvar og betre føresetnader
for å forme si eiga framtid.
Framstegspartiet har alltid vore tydeleg på
at elevane skal ha retten til å velje kva skule dei vil gå på. Dette
gjev dei moglegheita til å velje den skulen som best møter deira
behov og interesser, i staden for berre å velje den skulen som ligg
nærmast. Sjølv om dei fleste elevar faktisk vel nærskulen sin, er det
viktig at dei har moglegheita til å velje sjølve. Dette bidrar òg
til å auke kvaliteten, og det blir ein sunn konkurranse mellom skulane
om elevane.
Framstegspartiet kjempar for ein skule der
elevane får meir fridom og moglegheita til å forme si eiga utdanning.
Resultata frå skulevalet viser klart at elevane ønskjer seg meir valfridom
og ein meir praktisk skule. Dette er FrP-Skulen – ein skule som
gjev elevane reelle valmoglegheiter og betre føresetnader for å
lykkast i både utdanning og arbeidsliv.