Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Nylege tal frå Helsedirektoratet viser ein auke i dødelegheit blant pasientar med psykiske lidingar og rusmiddelproblem. Utviklinga er stikk i strid med målsetjinga i opptrappingsplanen for psykisk helse om at fleire skulle oppleva god psykisk helse og livskvalitet og ei auking i levealderen. Det er eigentleg ikkje til å bera at det er fleire som døyr tidleg no enn før i desse pasientgruppene. Rapporten frå Helsedirektoratet, som kom i går, viser at talet på personar som er registrerte med ei alvorleg psykisk liding dei siste fem åra, har vore stabilt. Samtidig har det vore ein nedgang i talet på døgninnleggingar i psykisk helsevern dei siste fem åra, frå 2019 til 2024, på rundt 3 000 pasientar – altså har alvorleg psykisk sjuke pasientar fått mindre sjukehusbehandling enn før. Riksrevisjonen sa det slik i sin rapport i februar i år: «Myndighetene svikter personer innen psykiatri og rus» – og eg er einig. Budsjettavtalen har styrkt helsebudsjettet. Senterpartiet har kjempa inn ei styrking av sjukehusøkonomien, bl.a. for at pasientar med alvorleg psykisk sjukdom skal få den hjelpa dei treng – for at det spesialiserte rehabiliteringstilbodet kan styrkjast, og ikkje svekkjast, og for at vi hindrar økonomisk motiverte kutt i pasienttilbod og sentralisering av tenester, sånn som i Helse Førde. Budsjettavtalen inneber ein halv milliard i auka rammefinansiering av sjukehus, i tillegg til 100 mill. kr øyremerkte til psykisk helsevern og fleire døgnplassar. Det er ikkje nok, men det er ein start. Det hastar med ein ny finansieringsmodell for sjukehus. Til neste år må norske sjukehus betala 2 mrd. kr i renter på investeringslån tilbake til staten. Gjeldsbelastinga er stor, og for å handtera gjelda må helseføretaka kutta i drift og pasienttilbod. Dagens dysfunksjonelle finansiering av norske sjukehus må endrast. Senterpartiet vil avvikla helseføretaksmodellen, innføra ein forvaltningsmodell for norske sjukehus, skilja investering og drift og fullfinansiera store sjukehusinvesteringar over statsbudsjettet. Byggjer vi ned helsetenesta vår, byggjer vi òg ned Noreg. I Senterpartiet er vi glade for at vi i budsjettavtalen har fått inn fleire styrkingar der vi kan byggja opp helsetenestene i kommunane. Spesielt er det viktig med styrking av kommuneøkonomien, for alle folk bur i ein kommune, og den aller viktigaste helsesatsinga skjer nettopp der.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
