Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Er Noreg eit barnevenleg samfunn? Tar vi rettane og vernet til barn på alvor? Er dette eit godt barnebudsjett? Budsjettavtalen har iallfall gjort budsjettet meir barnevenleg, og det er eg veldig glad for. Eg vart overraska over at Arbeidarpartiet kutta eingongsstønaden i forslaget sitt. Han har vore verna for kutt i den tida Senterpartiet og Arbeidarpartiet sat saman i regjering. Argumentasjonen bak kuttet som står omtalt i budsjettet, held ikkje mål, nemleg at dagens eingongsstønad ligg over dei faktiske utgiftene ved å få barn det første året. Som dokumentasjon viser regjeringa til referansebudsjettet frå Forbruksforskningsinstituttet SIFO. Budsjettet anslår at kostnadene i dei første leveåra til barnet vil vera 57 000 kr i 2026-kroner, inkludert mat, klede og utstyr. Forskarane bak tala gjekk ut mot regjeringa sin bruk av desse tala og sa dei var misvisande, og sa til NRK 28. oktober at referansebudsjettet ikkje kan gi eit fullstendig bilde av kostnadene ved å få barn. Det er jo sjølvsagt. Fødselsutvalet som ser på moglege tiltak for å snu fødselstalutviklinga, har i den første rapporten sin tilrådd å leggja meir til rette for foreldre som får barn mens dei sjølv er under utdanning. Eit kutt i eingongsstønaden vil vera det motsette og gjera det vanskelegare for studentar som får barn. Eit sånt kuttforslag vil ramma gravide kvinner med lågast inntekt og dei som har minst frå før. Det var eit usolidarisk kutt eg er glad for at vi, saman med dei andre samarbeidspartia, klarte å reversera. Eg er òg glad for at vi fekk slått fast at barnetrygda skal haldast utanfor berekning av sosialhjelp, for at vi ikkje tar barnetrygda frå familiane som har minst, og at ein òg fekk prisjustert barnetrygda. Det vil bety at det vert færre fattige familiar i Noreg i 2026. Fleire milliardar til kommunane vil òg betra arbeidet for barn og unge. Mange foreldre kan vera bekymra for om bemanninga i barnehagane er god nok, og det er eit stort ansvar barnehagane har. Barn skal vera trygge og ha ei positiv utvikling i barnehagen. Difor er 600 mill. kr til toppa bemanning i barnehagane også ei viktig barneprioritering i budsjettet. Eg vil avslutta med trua, og eg trur at Den norske kyrkja og andre trussamfunn skal vera glade for at budsjettet vert gjort opp på denne sida av politikken. Ære vera budsjettavtalen med Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV, Raudt og Miljøpartiet Dei Grøne, slik at vi unngår milliardkuttet frå Framstegspartiet til Den norske kyrkja og andre trussamfunn i 2026.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
