Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. des 2025

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte fredag den 5. desember 2025 kl. 9

Innlegget

Eg stilte ikkje til val for min eigen del. Vi i MDG er her for noko som er mykje større enn oss sjølve og partiet, mykje større enn veljarane våre, ja, større enn sjølve Noreg. Vi er her for dei som har minst i verda. Vi er her for dei som ikkje er fødde enno, for barna våre. Vi er her for alt som lever på denne jorda. Vi er veldig glade for at våre samarbeidspartnarar skjønte at for oss er dette ei eksistensiell krise vi tek på det djupaste alvor, og som vi er villige til å ofre mykje for. Som art har vi ei enorm makt over alt som lever på denne jorda. Eg kjenner på eit enormt personleg ansvar for å gjere det eg kan for å ta vare på alle sitt livsgrunnlag, anten dei er menneske eller anna levande. På denne dagen i fjor hadde eg nettopp kome heim frå Sør-Sudan etter tre månader som kirurg ute i eit lite distriktssjukehus der. Eg hadde budd saman med nokon av dei fattigaste menneska i verda, som hadde blitt mine vener. Det er eit sjokk å kome tilbake til dette landet. Ein må kalibrere seg på nytt, venje seg til kva som er eit problem i vår vesle andedam. Det som fylte meg aller mest, var ei enorm takknemlegheit. Er ikkje dette eit fantastisk samfunn vi har her, med utruleg gode offentlege tenester, med eit levande næringsliv, og nesten alt ein kan ønske seg? Det er ikkje slik at det ikkje finst problem her, det er ikkje slik at det ikkje finst tap, og det har eg sjølvsagt også den aller største forståing for. Når eg står her i dag, kjenner eg på ein enorm lette – lette over at krevjande forhandlingar er over, lette over at vi kom eit stykke på vegen, og lette over at vi slapp ei regjeringskrise. Eg kjenner på glede over at vi har fått på plass eit solid løft for restaurering av natur. Vi har fått slutt på at det skal kunne lysast ut gruvedrift på havbotnen den neste fireårsperioden, som er ein enorm siger. Vi har fått 1,3 mrd. kr til skogvern i budsjettforhandlingane. Dette er ein enorm siger for oss og for naturen, som gjev meg stor glede. Eg kjenner også på ei sorg over alt vi gjerne skulle ha kome lenger med, over at vi skulle hatt større klimakutt og meir solidaritet med det globale sør. Likevel: Det er berre to månader sidan vi kom til makt på Stortinget, og få veker sidan vi begynte å forhandle. Dette er berre byrjinga. Vi har saman lagt grunnlaget for store framsteg for klima, for naturen og for internasjonal solidaritet. Når det er dette vi har fått til på éin månad med forhandlingar, kva kan vi då få til på fire år, saman?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat