Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. des 2025

Siren Julianne Jensen
Siren Julianne Jensen
Miljøpartiet De Grønne·Finnmark

SakMøte fredag den 5. desember 2025 kl. 9

Innlegget

Vi i MDG er glade for at vi fekk gjennomslag for fleire viktige prioriteringar på kulturfeltet. Tilskota til SKUDA, Verdensteatret, Melahuset og Kvensk institutt blei prioriterte, og det er vi stolte av. Fram mot einigheita om neste års budsjett har det vore mange og lange diskusjonar, og sjølv om vi kom til einigheit til slutt, er det eitt felt vi meiner må prege neste års budsjett endå meir, nemleg oppfølginga av sannings- og forsoningskommisjonen sine konklusjonar. Rapporten har vist oss kor djupt den statleg initierte fornorskingspolitikken har gripe inn i livet, språket og kulturen til menneska i dei nordlegaste fylka våre. For å lykkast med forsoning må vi ikkje berre rette opp i politiske og juridiske feil, vi må også byggje bruer gjennom kultur. Kulturopplevingar er essensielle for å fylle liva våre med innhald, og det må vere tilgjengeleg for gammal og for ung, i bygd og i by. Kunst er eit universelt språk som skaper rom for dialog, forståing og helsebot på tvers av historie, identitet og geografi. Her har Arktisk Filharmoni og Davvi, senter for scenekunst, ein unik posisjon. Desse institusjonane har tilhald i område der samisk og kvensk kultur har røter og står slik i ein eineståande posisjon til å løfte samiske og kvenske kunstnarar, språk og forteljingar inn på nasjonale og internasjonale scener. Forsoningsprosessen handlar ikkje berre om å sjå bakover, det handlar om å skape ei felles framtid, og når lokalt forankra kulturinstitusjonar samarbeider med samiske og kvenske kunstnarar, gjev det oss moglegheita til å forstå og til å føle. På den måten byggjer vi respekt og fellesskap. Mange kommunar er i ein økonomisk utfordrande situasjon som gjer at dei ikkje har råd til å prioritere tenester som ikkje er lovpålagde. For Arktisk Filharmoni betyr det at drifta, som er basert på ein modell der staten betaler 70 pst. og regionale myndigheiter 30 pst., står i fare. Når kommunane ikkje klarer sin del av spleiselaget, kuttar staten heile tilskotet til orkesteret, og det er først og fremst publikum i Nord-Noreg som må betale den prisen. Når det gjeld Davvi, kjem ikkje den ekstra tildelinga til regionale danseinstitusjonar senteret til del, trass i at Kulturdepartementet i sin eigen skrytepost om danseløftet brukte eit bilde frå ei framsyning laga i samarbeid med nettopp Davvi. Kultur skal vere tilgjengeleg for gammal og for ung, i bygd og i by. I neste runde håper vi at dei nordlegaste 35 prosentane av landet blir prioriterte endå høgare.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Siren Julianne Jensen (Miljøpartiet De Grønne) — Innlegg · 5. des 2025 — OverStortinget