Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 9. des 2025

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte tirsdag den 9. desember 2025 kl. 10

Innlegget

I dag har Senterpartiet fremja eit representantforslag til Stortinget om eit nytt Nav for å få fleire i arbeid og aktivitet. Nav-reforma vart vedtatt av eit samrøystes storting i 2004 og 2005 og iverksett frå 2006. Reforma bestod av to organisatoriske hovudgrep: etablering av ein ny felles statleg velferdsetat og etablering av arbeids- og velferdskontor, altså Nav-kontor, i alle kommunar. No har det gått 20 år, og vi meiner at erfaringane med Nav-reforma tilseier at det er behov for ei systemendring – ei endring i organisasjonen. Riksrevisjonen mfl. har vist til at Nav-reforma ikkje har oppnådd ønskt resultat, men har ført til færre i jobb og fleire på trygd, og Helsetilsynet har i sin rapport vist til at kanaliseringsstrategien med meir digital kontakt har utgjort ein risiko for samfunnets siste tryggingsnett og ikkje har fungert etter føremålet. Dei såg alvorleg på at enkelte brukarar ikkje klarte å få hjelp til å dekkja grunnleggjande behov som pengar til mat, straum og bustad. Difor er det no eit stort behov for forenkling av systemet, å styrkja kjerneområda i Nav og få fleire i arbeid og aktivitet. Vi må styrkja den evna Nav har til å møta menneske og ikkje berre til å forvalta system. Det meiner vi ikkje er mogleg utan ei større endring i dagens Nav – ei forenkling av Nav som set brukaren i sentrum gjennom ei tillitsreform, der førstelinja i Nav må få større ansvar og myndigheit. Da meiner vi at Nav må delast opp, for å gjenvinna kontroll og få ei oversikt, og vi meiner det hastar med å setja i gang dette arbeidet. Da Nav-reforma vart innført og Nav vart slått saman til ein stor etat, vart ein åtvara om at det ville verta så stort at ein ville mista oversikta. Rattsø-utvalet sa i 2004 at det ville vera ei rekkje utfordringar med intern kompleksitet, omstillingsevne, fleksibilitet og leiingsutfordringar knytte til å samla eit så stort spekter av ulike oppgåver i ein etat. Eg må seia at Rattsø-utvalet hadde meir rett enn det mange kan lika å tru, og Stortinget høyrde jo ikkje på dei, men vedtok samrøystes å gjera det motsette. No meiner eg vi kan seia at Nav er i ei krise. Det har kome rapportar på rapportar, og det har kome ulike tiltak. Vi føreslår i vårt representantforslag å dela Nav opp i ein arbeids- og aktivitetsetat og ein funksjons- og trygdeetat. Slik kan vi fokusere meir på kjerneoppgåvene med å få folk i arbeid og aktivitet. Vi føreslår òg ei tillitsreform der vi heilt klart og tydeleg gir myndigheit til tilsette i førstelinja, og vi føreslår å lovfesta internkontrollen. Det har vorte anbefalt av eit utval før, men er ikkje lagt fram frå regjering for Stortinget. Vi føreslår òg ei ny, heilskapleg vurdering og ein gjennomgang av partnarskapsmodellen mellom stat og kommune, for den òg fungerer litt ulikt. Så har regjeringa sett ned eit lovutval og sett i gang ein ekstern gjennomgang av internkontrollen. Det er vel og bra, men når det gjeld lovutvalet, meiner vi det er kritikkverdig at ikkje brukarar og tilsette er representerte der. Vi er skeptiske til å seia at ein kan ta ting frå lova i forskrift. Vi trur at det kan verta endå meir uoversiktleg, og fremjar i representantforslaget òg forslag om ei justering av både mandat og samansetjing. Nav handlar ikkje berre om pengar og regelverk, slik regjeringa legg til grunn. Nav handlar om menneske, anten dei treng pengar eller oppfølging. Dette møtet mellom vegleiar og enkeltmenneske som treng hjelp i Nav, er sanningas augeblikk, og vi må sørgja for at myndigheita ligg der dette skjer. Eg ser fram til at Stortinget kan behandla dette forslaget – eg ser at Høgre òg har levert eit forslag i dag. Saman håpar eg på ein reell debatt og ein vilje i Stortinget til faktisk å gå inn og gjera systemendringar i Nav, for det treng brukarane av dette systemet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Kjersti Toppe (Senterpartiet) — Innlegg · 9. des 2025 — OverStortinget