Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg høyrde finansministeren sitt føregåande svar til representanten Stokkebø, og finansministeren argumenterer veldig godt for kvifor småkraft er viktig for å sikre norsk kraftproduksjon no. Det er først og fremst småkrafta som har bidrege med trygg energi dei siste åra også. Difor blir det eit så stort paradoks når den usikkerheita som no er i næringa, fører til at det blir realisert færre prosjekt. Det er ikkje tvil om at det no eksisterer ei usikkerheit blant dei som har planar for, eller vurderer, utbygging av småkraft. Så har finansministeren gjenteke desse tala fleire gonger, også i svaret til representanten Stokkebø, altså 180 kraftverk under 10 MW og eitt over. Det etterlatne inntrykket er at det er 180 kraftverk som hadde potensial til å produsere ein effekt på meir enn 10 MW, men det er ikkje tilfellet. Då har eg lyst til å stille dette oppfølgingsspørsmålet: Kor stor del av desse er det finansministeren reknar med kunne vore bygde med ein større effekt?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
