Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det einaste som kan rettferdiggjere høyringa og forslaget, er at skattetilpassingsproblematikken er så stor at ein kan risikere at ein del av dei mindre kraftverka ikkje blir bygde ut på grunn av usikkerheit. Det er det som er tilfellet no. Dette har stortingsfleirtalet sett og påpeika, og det er eit fleirtal i denne salen som seier klart og tydeleg frå at ein ikkje ønskjer grunnrenteskatt på kraftverk under 10 MW. Så det enkle spørsmålet er: Har regjeringa tenkt å følgje opp det fleirtalet i denne salen tydeleg seier, eller har ein tenkt å fortsetje arbeidet, med den konsekvensen at uroa i denne næringa held fram, og at vi ikkje får realisert ny energi raskt?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
