Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Først og fremst: Tusen takk for eit viktig spørsmål. Vald i nære relasjonar er ikkje berre eit stort samfunnsproblem, det er grov kriminalitet. Eg meiner at det at Stortinget i juni slutta seg til den nye barneloven, var eit veldig viktig skritt i å styrkje beskyttelsen av barn òg i barneloven. I den nye barneloven er det tydeleggjort at det ikkje skal vere samvær med barn viss det kan vere til fare eller til skade for barnet. Så er det rett, som representanten viser til, at det blei fatta fleire oppmodingsvedtak under behandlinga av ny barnelov – fleire gode forslag, vil eg meine – som eg er i gang med både å greie ut og følgje opp. Men det er viktig at det ikkje blir tvil om dagens lovverk. Dagens lovverk er òg veldig tydeleg på at ein ikkje skal ha samvær med barn viss det ikkje er til barnets beste. Her vil det vere slik at foreldre har både ein rett og ei plikt til å hindre samvær om ein sjølv er bekymra for at barnet kan ta skade av samværet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
