Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 10. des 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 10. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg høyrde ikkje noko spørsmål, men tematikken er eg sjølv veldig oppteken av. I min tidlegare rolle på Stortinget har eg mang ein gong frå den talarstolen representanten no står på, utfordra ei rekkje statsrådar i fleire regjeringar når det gjeld både å styrkje beskyttelsen til barn som bur på hemmeleg adresse, og ikkje minst det at me må sikre at den som er utsett for vald, og som òg ofte har barn, blir beskytta mot utøvaren. Difor var det så gledeleg her om dagen å lese at bruken av omvendt valdsalarm no aukar kraftig. Det beskyttar liv, og det beskyttar barn, f.eks. dei som lever i ei leilegheit der det tidlegare har vore besøksforbod. Eg meiner òg at det er viktig at Arbeidarparti-regjeringa har bidratt til å styrkje krisesentera. Me må ha mange ulike tiltak for valdsutsette, og særleg for barnefamiliar, som kanskje må rømme frå ein valdsutøvar.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lene Vågslid (Arbeiderpartiet) — Replikk · 10. des 2025 — OverStortinget