Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 10. des 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 10. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Regjeringa prioriterer å følgje opp opptrappingsplanen mot vald og overgrep, som Stortinget vedtok i fjor. Her blei det vedteke over 122 viktige tiltak innanfor mange ulike departementsområde, og eg meiner det er viktig at me prioriterer det. I tillegg nemner representanten barnevernet, som er mitt ansvar. Eg meiner kvalitetsløftet i barnevernet, som Stortinget vedtok i juni, òg er veldig sentralt for å styrkje det kommunale barnevernet og ikkje minst institusjonsbarnevernet. De me veit, er at ein del av dei ungane som er utsette for vald i nære relasjonar eller seksuelle overgrep, er ekstra sårbare. Dei treng ein kommune som stiller opp for dei, som har ansvaret for krisesenterloven, og dei treng ofte òg eit statleg barnevern, som kan gje dei nødvendig hjelp, omsorg og beskyttelse.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lene Vågslid (Arbeiderpartiet) — Replikk · 10. des 2025 — OverStortinget