Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 10. des 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 10. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Takk for eit godt spørsmål. Eg har sjølv vore og besøkt Romerike Krisesenter, som i dag har eit forsøk gåande om integrert krisesentertilbod for alle, der ein ikkje deler inn etter kjønn. Eg synest det dei gjer der, er veldig interessant, og det kjem til å danne eit viktig kunnskapsgrunnlag for det arbeidet me skal gjere vidare. Me diskuterte dette då Stortinget behandla forslaget til endringar i krisesenterloven sist. Me veit det er ulike syn og delte meiningar, òg i Krisesenter-Noreg, rundt om ein skal gjere det som på Romerike eller ikkje. Eg for min del kjem til å følgje opp dei oppmodingsvedtaka Stortinget har fatta, som ber oss om å bruke dette kunnskapsgrunnlaget i det vidare arbeidet. Eg meiner òg det er bra at ein får fortsetje med forsøket, for det er eit tankekors, det representanten Trøen her løfter fram, at me får eksempel på at ungar som kjem i følgje med menn, ikkje får eit like godt tilbod overalt.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat