Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det ville nok vore oppsiktsvekkjande om eg la fram ein ny finansieringsmodell her og no, særleg etter at budsjettet for 2026 nettopp er landa og ferdigforhandla i Stortinget. La meg seie det slik: Den bekymringa som kjem frå Dixi-sentera, Nok.-sentera og SMISO-sentera, kjenner eg til. Det har vore eit utval som har sett på finansieringsordninga, og det finst argument for å gjere endringar. Det eg er oppteken av i tillegg, som kanskje er ein fordel med dagens finansieringsordning, er at ein sikrar lokal forankring når det gjeld finansiering av sentera. Eg veit at det f.eks. i Skien er eit stort lokalpolitisk engasjement knytt til senteret mot seksuelle overgrep der. Difor har eg ikkje noko nytt å seie no, òg med tanke på at budsjettet for 2026 er ferdigforhandla i Stortinget.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
