Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. des 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 10. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg meiner heilt klart at me i dag overbeskyttar barn i det fysiske rommet og underbeskyttar dei i det digitale rommet. Den unge guten som representanten viste til, og som me høyrde her om dagen omtale seg sjølv som ein forsøkskanin, har dessverre heilt rett. Her har me alle svikta i kanskje 10–15 år. Sosiale medium har vore heilt uregulerte veldig, veldig lenge, og eg trur veldig mange av oss som er foreldre, kjenner på det no, for no veit me ganske mykje om konsekvensane av både stor grad av skjermbruk og ikkje minst av sosiale medium. Eg blir djupt bekymra når me i dag veit at dette går ut over konsentrasjon, søvn og læring. Det er òg ein sterk bidragsytar til mobbing, utanforskap og ikkje minst rekruttering til alvorleg kriminalitet. Difor er forslaget til Arbeidarparti-regjeringa om å innføre ei aldersgrense på 15 år, eit av dei viktigaste lovforslaga me legg fram i denne stortingsperioden. Eg er veldig glad for at partiet Høgre er så tydelege på at dei støttar det, saman med nesten alle andre parti på Stortinget. Det er berre Framstegspartiet som ikkje ønskjer ei aldersgrense for sosiale medium. No går Australia framfor oss. Det blir utruleg spennande å sjå. Eg har sjølv bedt om eit møte med australske kollegaer. Her må me vere framoverlente og gjere meir enn berre å innføre ei aldersgrense for sosiale medium, men får me til det, har me gjort noko stort og viktig for dei som no veks opp, slik at dei får ein tryggare digital oppvekst. No skal familie- og kulturkomiteen behandle den første stortingsmeldinga i sitt slag om ein trygg digital oppvekst, som òg handlar om ei rekkje andre område som blir veldig viktige i dette arbeidet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lene Vågslid (Arbeiderpartiet) — Innlegg · 10. des 2025 — OverStortinget