Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Me har føreslått ei aldersgrense på 15 år, og slik eg oppfattar det, ser det ut til at både EU og Danmark legg seg på 16 år, men med ei moglegheit for unntak for 13-åringar. Det siste er ikkje aktuelt for meg og Arbeidarpartiet. Eg meiner me treng ei absolutt aldersgrense, anten ho er 15 år eller noko anna. Eg er absolutt open for å diskutere og vurdere endringar av den aldersgrensa, men me må òg ta inn over oss det 8 100 høyringssvar har vist, nemleg at det er brei støtte til forslaget. Så er det sjølvsagt ein del yngre stemmer – ein del barn og unge – som er ueinige i dette. Mi oppgåve som barneminister er å sikre betre beskyttelse av barn og unge samtidig som me skal sikre at dei har rett til deltaking. I lovforslaget som er på høyring, er det unntak. Me har f.eks. unntak for kommunikasjonskanalar, som ikkje fell inn under definisjonen, og for spel.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
