Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er heilt rett at me må gjere mykje meir enn berre å ha ei aldersgrense, men får me til ei slik aldersgrense, har me gjort noko veldig, veldig viktig. Det å vurdere å opprette eit etisk råd er ikkje noko regjeringa har teke stilling til, men eg høyrde det same forslaget i den same debatten me begge to deltok på. Eg tenkjer at her vil regjeringa vere open for andre forslag, òg forslag som kjem frå opposisjonen, når det gjeld korleis me saman kan styrkje den digitale oppveksten til barna. Representanten innleidde med bl.a. å vise til iPad-bruk i skulen. Den siste tida har både representanten Wilhelmsen Trøen og eg sett, gjennom influensar Hanne-Lene Dahlgren, eit ganske skrekkeleg eksempel på kva ungar har fått sett på iPad-en sin på skulen. Der vil eg berre gjenta det kunnskapsministeren veldig tydeleg har sagt: Det skal vere filter på skulelæringsbrett og skule-iPad-ar. Er det ikkje det, skal ikkje dei iPad-ane bli med heim. Det eksempelet me såg der, trur eg fekk det til å vri seg i magen på både representanten Wilhelmsen Trøen og meg. Slikt skal ikkje skje.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
