Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 10. des 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 10. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Dette har Arbeidarparti-regjeringa forsøkt å ta omsyn til i lovforslaget som har vore på høyring, og som fekk 8 100 høyringssvar, som i seg sjølv er ekstremt bra. Der har me føreslått å lage ein definisjon for sosiale medium, men me har f.eks. føreslått unntak for kommunikasjonskanalar og for spel. Det er dette me vurderer no, for eg har jo, som barneminister, ansvaret for å sikre desse ulike rettane som barn og unge har. Men når det gjeld å beskytte barn betre mot å bli rekrutterte til alvorleg kriminalitet og mot å bli utsette for ein oppvekst prega av algoritmar på ein måte som er så enorm og har så store konsekvensar, meiner eg det er legitimt å ha ei aldersgrense på 15 år for sosiale medium. I denne saka meiner eg at beskyttelsen av barna går framfor det me har debattert om ytringsfridom, som eit meir legitimt omsyn.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat