Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 10. des 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 10. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Det meiner eg er alvorleg. Eg er einig med kunnskapsministeren, som veldig, veldig tydeleg seier at det skal vere filter på ein skule-iPad, og at viss det ikkje er det, skal han ikkje vere med heim. For dei som har sett Netflix-serien Adolescence, trur eg veldig mange kjenner det i magen no, når me i nokre år kanskje tenkte at ungane var veldig trygge når dei var heime, men veldig utrygge når dei var ute. Om ungen din har vore ute i tre-fire timar, trur eg du spør: Kva har du gjort? Kven har du vore med? Kven har du leika med? Kva skjedde der? Viss ungen din har sete i tre timar med ein iPad på soverommet, spør du då om det same? Det må me gjere. Me må ha fenomenforståing og skjøne at barns oppvekst i dag er integrert i det digitale, og at der er det store moglegheiter. Der er det mykje som er moro, men det er òg ein del som er farleg. Difor er Arbeidarparti-regjeringa så oppteken av å sikre betre beskyttelse av barn og unge i det digitale.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat