Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 10. des 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 10. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg deler representantens utolmod. Det er nok ikkje heilt slik at me har snudd etter at KrF eventuelt har kome med sine forslag. Det me var ueinige om førre gong Kristeleg Folkeparti hadde eit forslag her i Stortinget, var å bruke ei løysing som BankID. Skal me ha ein god verifiseringsapp som er for alle, vil ikkje det fungere på ein god nok måte. Det me har gjort no – og det er fordi me er utolmodige – er at me har lagt fram eit lovforslag om ei aldersgrense på 15 år for sosiale medium, der me ansvarleggjer teknologiselskapa. Det er òg det dei gjer i Australia. Samtidig er digitaliseringsminister Tung og eg veldig opptekne av å vere tett på det som skjer i EU og i Europa. Me har tru på at det finst løysingar her. Me veit at danskane driv med spennande arbeid innanfor det EU kallar for digital lommebok. Eg trur det finst gode teknologiske løysingar der framme, men eg synest ikkje me skal vente på at det er klart, før me får på plass ein lov.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat