Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 10. des 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 10. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Spørsmål knytte til regelverk for skulen må ein nok rette til kunnskapsministeren, men eg vil gjenta det kunnskapsministeren sjølv seinast i går uttrykte veldig, veldig tydeleg. Det er at det skal vere filter på iPad-ane som blir brukte i skulen. Det er jo eit tankekors at veldig mange – inkludert fleire av oss som er foreldre, trur eg – med den kunnskapen me no har, har hatt så lite regulering knytt til både digitale plattformer og sosiale medium. Heile verda kan få tilgang til barnet ditt på sekundar. Me må gjere meir for å beskytte barns digitale oppvekst. Me overbeskyttar dei kanskje i det fysiske. Me underbeskyttar dei i det digitale. Arbeidarparti-regjeringa er veldig utolmodig med å få på plass aldersgrensa, og eg ser òg fram til at Stortinget denne hausten skal behandle Trygg oppvekst i et digitalt samfunn, den fyrste stortingsmeldinga i sitt slag. Ungane våre fortener å bli beskytta betre enn det me har klart til no.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat