Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Svaret på det er ja. Arbeidarpartiet har tydeleg programfesta at me ikkje vil utvide åtgangen til å halde butikkar opne på sundagar, og Arbeidarparti-regjeringa kjem heller ikkje til å ville utvide åtgangen til å halde butikkar opne på sundagar. Statsforvaltarane behandlar søknader frå kommunar om å bli typiske turiststader. Som representanten viser til, har statsforvaltarane spurt om departementet sitt syn på om sentrumsnære område i byane ikkje kan definerast som typiske turiststader. Eg sende i går svar til statsforvaltarane i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus. Heilagdagloven har ein klar hovudregel om at faste utsalsstader er stengde på heilagdagar. Vilkåra i loven er supplerte med ei rekkje moment i førearbeida. Førearbeida peiker på at typiske turiststader i første rekkje er mindre stader. Terskelen for at større stader kan få turiststatus, er difor veldig høg, og statsforvaltarane må gjere ei konkret vurdering av om kommunen dokumenterer at vilkåra for å gjere unntak frå hovudregelen er oppfylte. I brevet som eg har sendt, viser departementet til ei kartlegging av auken i antalet typiske turiststader, som òg representanten viser til, og den auken tyder på at statsforvaltarane ikkje praktiserer vilkåra veldig strengt. Kartlegginga viste at det er flest typiske turiststader på mindre sentrale plassar, noko som tyder på at det er ei konsistent praktisering av regelverket over tid. I brevet som eg sende i går, viser eg til hovudregelen i loven og til at unntaka ikkje må føre til ei utholing av hovudregelen som Stortinget har fastsett.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
