Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 10. des 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 10. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Me har eit veldig klart regelverk, og eg er veldig oppteken av at det blir forvalta på ein god måte. Lovens hovudregel seier at på heilagdagar skal faste utsalsstader som sel varer til forbrukar, halde stengt. Unntaket må ikkje føre til ei utholing av hovudregelen som Stortinget har fastsett. Det er både eg og regjeringa veldig tydelege på. Difor er det veldig viktig at me har god kunnskap om korleis regelverket blir forvalta. Som eg viste til i stad, er lovens vilkår supplert med ei rekkje moment i lovforarbeida, som eg veit at statsforvaltarane kjenner godt til. I ljos av dette, og i ljos av forarbeida, er eg einig med statsforvaltarane i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus, om at sentrumsnære område i større byar i utgangspunktet ikkje kan definerast som typiske turiststader.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Lene Vågslid (Arbeiderpartiet) — Replikk · 10. des 2025 — OverStortinget