Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Regjeringa vil ikkje utvide åtgangen til å halde butikkar opne på sundagar. Det inneber at me ynskjer å halde fast på dagens regelverk. Eg trur fyrst og fremst at det er viktig at det regelverket me har, blir forvalta i forståing av at Stortinget har fastsett ein hovudregel, men med unntak som kan gjevast på visse vilkår. Det er statsforvaltarane som har ansvar for å forvalte det regelverket på ein slik måte at ein ikkje holar ut det, noko som er i tråd med korrekt juridisk forståing. Dette har eg og departementet understreka i svaret om søknaden frå Oslo. Dette ligg òg under vedtaket departementet gjorde i klagesaka me behandla om sundagsope mens cruiseskip låg til kai bl.a. i Måløy.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
