Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 10. des 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 10. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Takk for spørsmålet. Eg trur me bør fortsetje å forhandle budsjett saman med Senterpartiet. Arbeidarpartiet, SV, Senterpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt bør fortsetje å forhandle budsjett for Kommune-Noreg. For er det noko som er viktig for barn og unge – ikkje berre i Oslo, men òg i Tokke, Sirdal og andre kommunar i landet – er det at dei har ein god kommuneøkonomi som gjer at ein kan leggje til rette for fritidsaktivitetar for barn og unge, at ein har råd til å byggje nye skular, symjehallar, idrettsbanar osv. Elles synest eg nok samanlikninga i spørsmålet er litt spesiell. Eg meiner heller ikkje det er ei motsetning mellom at me saman på raud-grøn side bidreg til å styrkje kommuneøkonomien og styrkje tilskot til inkludering av barn og unge, samtidig som me tek det sjølvsagte ansvaret med å sikre at landet får eit nytt regjeringskvartal.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat