Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. des 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 10. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Ut frå spørsmålet som var sendt inn, var det ikkje heilt klart kva sak representanten no refererer til. Men la det vere heilt klart: Når det blir avdekt svikt i barnevernet, er det svært alvorleg. Om systemet ikkje fungerer og kvaliteten i tilbodet ikkje held mål, er det barna som betaler prisen for det. Det er uakseptabelt, og det er ansvaret vårt å rette opp når det skjer. Regjeringa har difor styrkt arbeidet med kontroll, kvalitet og tilsyn med institusjonsbarnevernet. For det første er det Bufetat som har ansvaret for institusjonstilbodet, og for å styrkje deira kontroll og styring av institusjonstilbodet er det stilt tydelege krav til internkontroll, dokumentasjon og rapportering. For det andre handlar det om kvaliteten i institusjonstilbodet. Arbeidarparti-regjeringa har sett i gang eit omfattande kvalitetsløft i institusjonsbarnevernet. Kvalitetsløftet omfattar bl.a. ei heilt ny retning for institusjonsbarnevernet, som Stortinget har slutta seg til, med meir vekt på fleksible institusjonar som i større grad skal tilpasse seg endringar i barnas behov. Dette vil bl.a. leggje til rette for at barn kan vere meir i ro og sleppe å flytte meir enn nødvendig. Me stiller òg tydelege krav til kvalitet og barns rett til medverking, og me gjennomfører kompetansehevande tiltak for tilsette. Me jobbar òg med å styrkje kontrollen med bruken av inngrep og tvang, slik at rettane til barna blir varetekne på ein god måte. For det tredje gjeld det tilsynet med institusjonane. Statens helsetilsyn har det overordna ansvaret for tilsynet med Bufetat og barnevernsinstitusjonane, og statsforvaltaren utøver tilsynet. Tilsynet omfattar bl.a. å kontrollere at institusjonane gjev det enkelte barn forsvarleg omsorg og behandling. Statsforvaltaren skal vere oppmerksam på alle forhold som har betydning for barnas utvikling, trivsel, velferd og rettssikkerheit. Tilsyn er veldig viktig for å ivareta rettssikkerheita til det enkelte barnet og for å sjå til at barn på institusjon er trygge og får forsvarleg omsorg og behandling. Det er stilt tydelege krav og forventingar til tilsynet, og målet er at avvik skal avdekkjast tidlegare og følgjast opp raskare. Barnevernsinstitusjonane skal vere trygge. Alle barn skal følgjast godt opp og få forsvarleg omsorg, beskyttelse og støtte. Dei skal behandlast omsynsfullt og med respekt for sin personlege integritet, og rettssikkerheita deira skal ivaretakast. Me gjer det me kan for å sikre kvaliteten i institusjonstilbodet, og eg er glad for at eit samla storting stilte seg bak regjeringa sitt kvalitetsløfte i juni.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat