Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Det er djupt tragisk når eit barn eller ein ungdom døyr mens dei er under omsorga til barnevernet. Eg tenkjer fyrst og fremst på dei som står igjen etter ein slik situasjon, på familiane, på vener – og på tilsette som òg har gjort sitt aller beste i ein vanskeleg situasjon. Helsetilsynet gjekk i 2023 gjennom sakene til åtte barn som døydde i perioden 2018–2023. Den rapporten har gjeve oss viktige læringspunkt, og me tek dei på aller største alvor. Me har følgt opp med konkrete tiltak for å hindre dødsfall og andre alvorlege hendingar i institusjonane, og eg kan nemne eitt av dei – eg ser eg ikkje rekk så mykje meir. Me har innført ei tydeleg plikt frå 1. januar for kommunar og institusjonar til å varsle statsforvaltaren om eit barn i barnevernet si omsorg blir utsett for livstrugande hendingar, seksuelle overgrep eller i verste fall døyr. Dette gjev betre oversikt og raskare reaksjon, og er ein viktig del av kvalitetsløftet i barnevernet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
