Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 10. des 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte onsdag den 10. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg har òg behov for å seie at rapportane frå Helsetilsynet er opne og offentleg tilgjengelege for alle som vil lese dei. Me har òg etablert ei nasjonal eining for undersøking av svikt mot barn, forkorta til NUBA. Ho skal undersøkje dei mest alvorlege sakene, òg når dei skjer mens barnevernet har omsorg for barna, og her er målet å avdekkje svikt, lære raskt og sikre at det ikkje skjer igjen. I den nye innretninga for institusjonsbarnevernet legg me òg særleg vekt på betre samarbeid mellom barnevernet og helsetenestene. Me veit jo at mange av dei ungane me har ansvaret for i barnevernsinstitusjonane, har samansette behov. Me veit òg at det er stort behov for helsehjelp. Det me no gjer i kvalitetsløftet, vil ha stor betydning for at ungane får betre behandling. Me veit òg at det er avgjerande at tenestene jobbar tettare og meir heilskapleg.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat