Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 10. des 2025

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte onsdag den 10. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg har bakgrunn som lege og har jobba over 30 år i klinikken, fram til siste månad. Eg har også bakgrunn som programmerar og har drive med brukargrensesnitt i helsevesenet, å tilpasse det. Eg har jobba med DIPS, Distribuert Informasjons- og Pasientdatasystem i Sjukehus, og har i seinare tid også jobba med Helseplattforma. Helseplattforma framstår som tapte kostnader. Skal vi verkeleg kaste gode pengar etter dårlege? Det er ein trussel mot pasientsikkerheita: Mykje informasjon forsvinn ut i cyberspace utan at nokon har kontroll med det, og den gjev uforsvarlege tilgangar og eit brukargrensesnitt der ein eigentleg berre må starte heilt på nytt, på store delar av det brukargrensesnittet. Kva vil digitaliseringsministeren gjere for å rydde opp i dette kaoset? Vil ho starte på nytt, eller vil ho ta den enorme kostnaden det er å gjere dette til eit brukbart verktøy?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Marius Langballe Dalin (Miljøpartiet De Grønne) — Replikk · 10. des 2025 — OverStortinget