Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 10. des 2025

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte onsdag den 10. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Den 13. november møtte statsråden det amerikanske teknologiselskapet Palantir, der tekoligarken Peter Thiel er på eigarsida. Dei utviklar verktøy for avgjerdsstøtte i sensitive og kritiske delar av statleg verksemd, som forsvar og etterretning. Peter Thiel har samanlikna Greta Thunberg med antikrist og sagt at fridom og demokrati ikkje lenger er kompatible med kvarandre. Administrerande direktør i Palantir har nyleg sagt at han støttar å gjere drap på uskuldige lovleg i USA, og at Palantir vil tene store pengar viss det blir lov. Dette føyer seg inn i rekkja av antidemokratiske uttaler frå dei som kontrollerer Palantir. I tillegg ser vi ei dramatisk utvikling i Sør-Amerika knytt til Venezuela. Vil statsråden anbefale nokre grenser for bruk av Palantir og verktøy frå tilsvarande selskap for norske myndigheiter – og kva forsikringar gav Palantir i møtet med statsråden 13. november?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat