Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 11. des 2025

Anne Grethe Hauan
Anne Grethe Hauan
Fremskrittspartiet·Vestfold

SakMøte torsdag den 11. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Me lever i ei tid der digitale truslar ikkje lenger er noko som skjer langt vekk. Dei er her, midt i kvardagen vår. Det er daglege angrep mot norske helseføretak. Aktørar som Russland, Kina, Iran og Nord-Korea vil ha tak i våre system. FrP meiner personvernet skal vera trygt ivareteke når me er på norske sjukehus. Me må ikkje vera naive. Store datasett med helsedata som før var rekna som ufarlege, er i dag gull verd for dei som vil skada oss eller har interesse av data som norske pasientar legg igjen på norske sjukehus. Me kan ikkje lata som om alt er som før. Me må handla, og me må handla no. Regjeringa sitt forslag handlar om å sikra kontroll over denne informasjonen for personvern og tryggleik. Framstegspartiet støttar lovforslaget. Me vil ha kontroll på kven som får tilgang og sørgja for at data ikkje hamnar i gale hender. Det er ikkje nok å håpa på det beste – me må sikra oss mot det verste. Ja, forsking er viktig, og ja, innovasjon er avgjerande, men tryggleik kjem først. Me kan ikkje gambla med liv og helse for å spara nokre klikk i datasystema. Difor må hovudregelen framleis vera deling når vilkåra er oppfylte, men med ansvar og kontroll. Me må stilla krav til risikovurderingar, til sikring av nettverk og system og til politiattest for dei som får privilegerte tilgangar. Det er ikkje byråkrati for byråkratiet si skuld. Det er vern om liv og helse og vår rett til eit godt personvern. Dette er ikkje eit val mellom tryggleik og utvikling, det er eit krav om balanse. Me må ta ansvar, og me må gjera det no. Me må verna pasientane, verna helsetenesta og verna dei grunnleggjande verdiane samfunnet vårt byggjer på. Eg spør: Kven vil ta ansvaret dersom helsedata blir misbrukte? Me kan ikkje venta på skandalen før me handlar, men me er heilt avhengige av at forsking får føregå. Difor må me også veta kva konsekvensar som potensielt kan følgja av dette forslaget. Framstegspartiet og Høgre fremjar difor følgjande forslag: «Stortinget ber regjeringen innen to år på egnet måte redegjøre for Stortinget for hvordan lov om endringer i helselovgivningen, jf. Prop. 152 L (2024–2025), fungerer, med særlig vekt på i hvilken grad begrenset tilgang til store helsedatasett hemmer forskning, medisinsk innovasjon og utvikling av nye behandlinger.»

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat