Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. des 2025

SakMøte torsdag den 11. desember 2025 kl. 10
Innlegget
Er det noko tre månader på landsbygda i Sør-Sudan som kirurg lærte meg, er det at det viktigaste for ei befolkning er sikkerheit. Det er alltid prioritet éin. Det er ikkje demokrati og ytringsfridom – det er sikkerheit. Har ein ikkje basal sikkerheit, kjem ein ingen veg. Difor er det viktig at vi tar opp eit forslag slik som det som kjem no, som skal vere eit bidrag i å vareta sikkerheita vår. Miljøpartiet Dei Grøne kjem sjølvsagt til å støtte lovforslaget. Vi deler bekymringa andre har, for om dette kan vere enda ein ting som kan avgrensa medisinsk utvikling og forsking. Så vidt eg har forstått, blir det gjort eit arbeid med også dei andre systema som gjer det altfor tungt å dele informasjon i forskingssamanheng og også for medisinsk kvalitetsforbetring, så eg vil oppfordre statsråden til å kommentere på kva ein gjer på andre område for å vareta desse omsyna.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat