Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 11. des 2025

Marius Langballe Dalin
Marius Langballe Dalin
Miljøpartiet De Grønne·Sogn og Fjordane

SakMøte torsdag den 11. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Statsråden nemnde nettopp dette med å kople det mot nordiske land òg. Eg har sjølv jobba mykje med prostatakreft og ser eit enormt potensial der «lead time» er enormt lang frå ein startar eit prosjekt, til ein har eit resultat. Då vil det å kunne ha stordata, t.d. om prostatakreft, med alle moglege data i heile Norden, vere ei kjempestyrking. Vi håper at statsråden kan kome tilbake til Stortinget seinare med kvar visjonen er, men er det heilt konkrete saker i emning, som vi vil få til Stortinget i nær framtid, knytte til både det internasjonale og det nasjonale arbeidet med å gjere dette tilgjengeleg, vil eg gjerne høyre om det.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat