Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eldreomsorg handlar ikkje om tal i eit rekneark. Det handlar om korleis me behandlar dei som bygde landet før oss. Heilt sidan Framstegspartiet blei stifta, har me vore tydelege på dette. Carl I. Hagen sa det rett ut: Eldre skal ha tryggleik og verdigheit – ikkje stå med lua i handa. John Alvheim minte oss òg om at omsorg ikkje er ein kostnad – det er eit ansvar. Det er nettopp dette ansvaret regjeringa no sviktar. Arbeiderpartiet snakkar varmt om fellesskap, men i budsjettet er eldreomsorga nedprioritert. Dei sender rekninga vidare til kommunane utan å senda med pengar. Resultatet er brutalt: Kutt i tenester, færre tilsette og eldre som blir ståande utan den hjelpa dei har krav på. I Vestfold ser me konsekvensane kvar einaste dag. I Horten varslar pårørande om eldre som ventar altfor lenge på heimehjelp og tilsyn. Pleiarar melder «kode raud» fordi dei må velja mellom heilt grunnleggjande oppgåver: Skal medisinar gjevast til rett tid? Skal nokon få hjelp på toalettet? Skal ein rekkja eit tilsynsbesøk til ein eldre som er redd for å vera åleine? Dette er ikkje enkeltståande tilfelle – det er eit landsdekkjande mønster. Ansvaret ligg hos Arbeidarpartiet og dei som støttar regjeringa, som har lagt ansvaret på kommunane utan å ta sjølve rekninga. Dette er ekstra alvorleg fordi dette ikkje kjem brått på. Eldrebølga har vore varsla i fleire tiår. Ho har vore omtalt i meldingar, rapportar og debattar i denne salen. Alle visste at ho kom. Likevel står kommunane no underfinansierte og uførebudde. Det er ikkje fordi ein ikkje visste, men fordi regjeringa ikkje prioriterte. Tal frå Vestfold fylkeskommune viser at eldre med låg inntekt og låg utdanning har dårlegare helse og mindre sosial støtte. Det betyr at dei som treng samfunnet mest, er dei som blir svikta først. Dette er ikkje tilfeldig. Det er resultatet av politiske val. Kommunane blir pressa til brestepunktet. Dei gjer alt dei kan, men når staten sviktar, må nokon ta støyten. Og det er ikkje byråkratiet som taper – det er bestemor, som sit og ventar på tilsyn. FrP vil rydda opp. Me vil ha statleg finansiering av eldreomsorga, så ingen kommune kan skyva rekninga over på dei svakaste. Me vil gje eldre reell valfridom – retten til å velja kven som skal gje omsorg, og ikkje bli tildelt ei løysing som ikkje fungerer. Me vil ha fleire omsorgsbustader, fleire hender i arbeid, mindre papir og meir tid til folk. Eg vil òg seia dette: Ingen skal kjenna at dei må be om orsaking for å trenga hjelp. Omsorg er ein rett – ikkje ei gåve. Dersom du ikkje får den hjelpa du har krav på, så ta kontakt med ein politikar. Me er faktisk valde for å lytta og for å ta ansvar når systemet sviktar. Det er ikkje velferd å bli gløymt. Det er ikkje verdig å vera utrygg i eigen heim. Når ein treng hjelp, skal ein få det – ikkje i morgon, ikkje etter neste utgreiing, men når behovet er der.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
