Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Tillit og fellesskap: Vi er i ei tid med rekordmange unge i utanforskap. Da må vi med politikken byggja samfunn med tillit, små forskjellar og sterke fellesskap. Å veksa opp i utanforskap, i fattigdom, utan å kjenna på fellesskap eller nokon som bryr seg om deg eller familien din, er resepten på ei negativ utvikling. Det kan vi gjera noko med gjennom politiske prioriteringar. Familien er ein grunnmur i samfunnet vårt. I Senterpartiet vil vi byggja opp politikken rundt familien, slik at familiane kan kjenna på tryggleik og fridom i kvardagen, og få hjelp frå fellesskapet når ein treng det. Fødselstala i Noreg har falle betydeleg i løpet av dei siste 15 åra. Det er færre som får meir enn to barn, og det er færre unge som får barn. Fødselstalutvalet peikar i sin første delrapport på at unge vaksne har vore den største drivaren av fallet i fødselstala i perioden. Senterpartiet ønskjer å styrkja ordningane rundt dei unge som ønskjer å få barn. I vårt alternative budsjett føreslo vi å auka barnestipendet for studentar, innføra eit ekstra foreldrestipend på 25 000 kr, innføra dobbel barnetrygd for tredje barn, ikkje redusera foreldrefrådraget og reversera kuttet i eingongsstønaden. Vi er glade for at vi i budsjetteinigheita fekk reversert kuttet i eingongsstønaden. Regjeringa grunngir kuttet med at utbetalinga da kjem ned på nivået for reelle kostnader med å få barn, jf. SIFO-tal for dette, men her har forskarane gått ut mot regjeringa og sagt at departementet brukar tala på ein misvisande måte, og at dette reknestykket utelet reelle kostnader barnefamiliar har. Det trur eg er noko alle forstår. Eg er veldig overraska over at dette kuttet ikkje vart stoppa politisk i departementet. Eg var òg skuffa over omkampen om at barnetrygda ikkje skulle kunna innlemmast i utrekning av sosialhjelp. Eg vil takka samarbeidspartia for einigheita om å reversera desse kutta til barnefamiliar som hadde minst frå før, og for ei styrking av barnetrygda generelt. Barnevernet får i budsjettet om lag ein halv milliard kroner til auka kjøp av private plassar. Det skal gå til om lag 1 000 barn som til kvar tid bur på institusjon. Det kjem i tillegg til ein stor auke til drift dei siste åra. Mesteparten har gått til private og dyre enkeltkjøp. Eg kjenner godt til den vanskelege situasjonen som er kring bistandsplikta. Det viktigaste her og no er sjølvsagt at barn i krise får ein plass når dei har behov for det, men vi kan ikkje fortsetja å driva barnevernet på denne måten. Dette er kortsiktige satsingar og kortsiktig politikk. Det hastar med å gjera det offentlege barnevernet i stand til å ta imot barn og familiar som står i krise. På same måten som vi ikkje har private akuttmottak på sjukehus i landet, meiner Senterpartiet at akuttilboda i barnevernet og tilbodet til barn med dei aller største behova må vera frå det offentlege. Vi ser framleis for lite igjen av planane for å byggja opp det offentlege tilbodet og styrkja ideell drift i barnevernet. Stene-rapporten, om organisering og styring av statleg barnevern, må følgjast opp. Utvalet kom med utruleg sterk kritikk av dagens styring og peikar på at verken departement eller direktorat har tilstrekkeleg kontroll på kvalitet, kapasitet eller kostnadene i institusjonsbarnevernet. Utvalet meiner at dagens organisering forsterkar utfordringar i institusjonsbarnevernet. Utvalet tilrår ei deling av direktoratet og etaten i to sjølvstendige organisasjonar underlagde departementet. Eg ser at Høgre skriv merknader i tråd med dette. Eg vil anbefala at ein no søkjer eit mest mogleg tverrpolitisk fleirtal om ein ny modell, men ny organisering må skje raskt. Eg meiner det må vera gjennomført i løpet av denne stortingsperioden. Til slutt vil eg kommentera trus- og livssynsfeltet. Eg meiner at alle dei som er opptatt av Den norske kyrkja og andre trussamfunn, må vera sjeleglade for at dette statsbudsjettet vert gjort opp på denne sida av politikken. FrP føreslår om lag 1 mrd. kr i kutt til trussamfunn, 400 mill. kr til Den norske kyrkja. Det er mange prestestillingar. Det hjelper ikkje å vera opptatt av bygg viss ein ikkje kan ha aktivitet i dei kyrkjene og ikkje har prestar til å kunna ha gudsteneste. Med budsjettkuttet til FrP hadde det ikkje vore mogleg å ha ei landsdekkjande folkekyrkje.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
