Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 15. des 2025

Kjersti Toppe
Kjersti Toppe
Senterpartiet·Hordaland

SakMøte mandag den 15. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Når ein i budsjettet løyver ein halv milliard til bruk av private, synest eg ikkje eigentleg det er ein politikk som avgrensar bruken av private i barnevernet. Det som bekymrar meg, og som eg meiner òg burde bekymra FrP, er at vi i dag har så liten kapasitet i det offentlege til ungar med dei aller største behova og til ungar som er veldig sjuke som får manglande helsehjelp. På grunn av systemet flyttar dei veldig mange gonger. Eg kunne eigentleg ønskt at vi i politikken fokuserte meir på organisering og struktur i barnevernet enn på bruk av kommersielle, offentlege og ideelle. Stene-rapporten viser at vi ikkje får til eit betre barnevern før vi får ei anna styring og leiing i det norske barnevernet og får bygd opp den offentlege beredskapen til familiar i krise. Det meiner eg er ein god politikk og eit mål.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat