Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Bakgrunnen kan ein veldig godt forstå, for vi har ei lovfesta plikt til å gi eit tilbod til barn når dei treng ein institusjonsplass. Når ein er i ein slik situasjon at det offentlege ikkje maktar å byggja ut tilbodet sitt på den tida ein har, må ein kjøpa dette i marknaden. Men da held den politikken som FrP stod for, fram. Partiet hadde ei veldig stor satsing på dei private og bygde i realiteten ned det offentlege barnevernet i løpet av dei åtte åra, så vi har eit barnevern som er veldig flink til å kjøpe plassar, men ein har veldig liten kapasitet i det offentlege. Vi ønskjer ei styrking av det offentlege tilbodet til barn og familiar i krise. Vi er ikkje heilt imot bruk av private, og særleg ikkje private ideelle, det ønskjer vi meir av. Dette er eit budsjett for å sikra bistandsplikta, men vi etterlyser ei større langsiktig satsing for eit betre barnevern.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
