Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
For min del har det aldri handla om ideologi, men om at vi, på same måten som i helsevesenet, har ein beredskap i det offentlege for barn og familiar i stor, stor krise. Vi må få bygd opp det offentlege – viss det er ideologi, kan vi vera ueinige, men eg trur faktisk at Høgre òg kan sjå at det er eit poeng. Da vert ein ikkje så sårbar for at alt må vera enkeltkjøp – slik situasjonen eigentleg er no. Det er sårbart, for da er ein avhengig av at marknaden vil levera, og viss ikkje er det svært, svært alvorleg. Så kan vi diskutera meir kva som skjedde for fire år sidan, men eg er veldig ærleg på at brota på bistandsplikta var svært alvorlege, og at vi måtte ta grep. Den langsiktige omlegginga av norsk barnevern er eg likevel framleis veldig opptatt av. Eg har rost Høgre sine merknader om ei ny organisering. Det er veldig i tråd med slik eg tenkjer. Eg sa òg frå talarstolen at vi håpar vi da kan få mest mogleg tverrpolitisk einigheit om det verkeleg viktige no, og det er ny styring og leiing.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
