Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
58:07] (leiar i komiteen og ordførar for saka): Helse- og omsorgskomiteen har behandla regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. I denne innstillinga gjer komiteen greie for dei ulike partia sine prioriteringar og merknader til rammeområde 15, kapittel under Helse- og omsorgsdepartementet, og fremjar forslaga sine om løyvingar under dette rammeområdet. Komiteen har gjennomført ei open høyring i saka, den 23. og 24. oktober. I tillegg har vi fått ei rekkje skriftlege innspel. Helse- og omsorgsdepartementet har òg skrive brev om rettingar i proposisjonen, som ligg ved innstillinga. Budsjettforliket mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet, SV, Raudt og MDG har den 5. desember 2025 lagt rammene for Helse- og omsorgsdepartementets ansvarsområde på vel 300 mrd. kr, jf. Innst. 2 S for 2025–2026. Dei ulike partia vil gjera greie for budsjettforslaga sine i sine innlegg. For Senterpartiet er det eit viktig mål å sikra at helsetenester er likeverdige og tilgjengelege i heile landet, nær der folk bur – ei desentralisert helseteneste som gir tryggleik, styrkjer beredskapen og byggjer tillit i befolkninga. I Noreg har vi skilnader i helse som heng saman med sosioøkonomisk bakgrunn og skilnader i inntekt og utdanning. For å motverka dette treng vi ein tydeleg helsepolitikk, ein tydeleg folkehelsepolitikk. Senterpartiet vil òg styrkja verdigrunnlaget og samfunnsansvaret til helsetenesta vår, ei teneste som byggjer på likeverd, rettferd og solidaritet. Vi vil ha eit offentleg helsevesen som er politisk styrt, med nasjonale mål og lokal forankring. Det er mykje god helse i ein god kommuneøkonomi. For Senterpartiet var det viktig å styrkja kommuneøkonomien, utover det Arbeidarparti-regjeringa føreslo. Vi fekk gjennom 3 mrd. kr – og 1 mrd. kr meir til fylkeskommunen. Auka toppbemanning i barnehage er òg ei viktig folkehelsesatsing. Styrking av eingongsstønad og barnetrygd vil løfta barnefamiliane som treng det mest, økonomisk, og det er òg viktig for helsa. Senterpartiet ønskjer å styrkja dei offentlege sjukehusa. Vi hadde ønskt meir, men er tilfredse med ein halv milliard i auka rammer, i tillegg til 100 mill. kr meir til psykisk helsevern. Av andre gjennomslag i budsjettet vil eg trekkja fram 50 mill. kr til helseteknologiordninga i kommunane. Aktivitetstilskot til eldre er auka med 10 mill. kr, og vi skriv i merknadene at denne auken i 2026 skal tildelast Pensjonistforbundets lokale arbeid for nettopp auka aktivitet og inkludering blant eldre. Pensjonistforbundet, med sine 750 lokallag over heile landet, er eit godt utgangspunkt for å bruka desse midlane på ein veldig god måte. Senterpartiet er òg tilfreds med gjennomslaget for å få øyremerkte midlar til Amathea igjen, som driv med oppfølging av og rettleiing om abort, og til Pårørendesenteret i Stavanger, for å styrkja pårørandearbeidet. Vi er òg glade for 1 mill. kr til Verdighetsenteret, for arbeidet deira for frivillige og særleg frivilligheitsarbeidet rundt livets slutt. Regjeringa hadde òg føreslått kutt i programmet for teknologiordning for vassbransjen. Ho hadde tilsynelatande gløymt kor viktig trygt drikkevatn er for folkehelsa og for beredskapen i Noreg. Teknologiordninga vert no oppretthalden. I budsjettforliket har Senterpartiet òg fått gjennomslag for styrking av legevakt i distrikta. Det er veldig viktig for den lokale beredskapen der det er lengst veg til sjukehus. Vi har òg sørgt for at tannhelsetenester til personar med sterkt nedsett eigenomsorg ikkje vert kutta i. For rekruttering til helsetenesta er det sentralt at Senterpartiet fekk gjennomslag for å hindra ei sentralisering av studieplassar innan sjukepleie til Oslo, og at ein legg studieplassar i sjukepleie tilbake til Molde, Nord universitet og UiT, Universitetet i Tromsø. På den store budsjettdagen har regjeringa fremja sin plan for Noreg, og eg synest det er spesielt å lesa at ei Arbeidarparti-regjering no varslar å føra Høgre-politikk for sjukehusa, med å skulla påleggja helseføretak å kjøpa meir tenester frå private. I planen sin nemner ikkje regjeringa offentlege sjukehus med eit ord. I ei tid der norske offentlege sjukehus står i det som vert omtalt som ei gjeldskrise, er det spesielt at det som er det tydelegaste løftet, er at offentlege sjukehus no skal kjøpa meir tenester frå private – dette som ein kommentar på ein dag der vi behandlar statsbudsjettet for helse for 2026.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
