Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Før eg begynner innlegget mitt om budsjettinnstillinga, vil eg som trus- og livssynsminister uttrykkje støtte og medkjensle til alle jødar i Noreg. Terroråtaket som ramma jødar i Australia i går, blir fordømt på det sterkaste av den norske regjeringa. Både i Noreg og i verda feirar jødar no den jødiske høgtida hanukka. Åtaket er, som statsminister Jonas Gahr Støre har uttala, djupt opprørande og skremmande. Alle innbyggjarar skal trygt kunne leve med trua si og livssynet sitt, eller ikkje-tru, utan å risikere diskrimineringar og hat-ytringar, slik vi òg har sagt i livssynsstrategien. Eg vil også takke dei raud-grøne budsjettpartnarane for at Stortinget i dag får vedteke eit budsjett som styrkjer tryggleiken og moglegheitene for barn og unge og deira familiar. Eit godt budsjett har blitt betre. Arbeidarpartiet meiner at det viktigaste i folks liv må vere det viktigaste i politikken. Difor er tryggleik for barn og unge ei av dei viktigaste sakene i denne regjeringsperioden. Dette kjem tydeleg fram i regjeringa sin plan for Noreg, som blei lagd fram i dag. I dag skal komiteen diskutere eit budsjett som skal ta på alvor utfordringane me står overfor når det gjeld barne- og ungdomskriminalitet, som tar innover seg utfordringane barnevernet står overfor, og som styrkjer vernet av barn òg i ein digital oppvekst. Dette skjer innanfor ei ansvarleg økonomisk ramme, og det krev tøffe prioriteringar. Dei aller fleste barn og unge i Noreg gjer ikkje kriminelle handlingar, men utviklinga der unge som bryt lova, blir yngre og lovbrota meir alvorlege, er eit samfunnsproblem som regjeringa prioriterer høgt. I inneverande periode har Arbeidarparti-regjeringa samla prioritert om lag 500 mill. kr til målretta tiltak for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. Til neste år prioriterer regjeringa å styrkje dette vidare. Me utvidar bl.a. ein-til-ein-oppfølginga av barn og unge som står i fare for å gjere kriminelle handlingar, eller som allereie har gjort lovbrot, med 90 mill. kr. Ei anna viktig sak for regjeringa og for meg er å sikre barn ein trygg oppvekst i eit digitalt samfunn. Arbeidarparti-regjeringa ønskjer ei 15-års aldersgrense i sosiale medium, og eg ser fram til behandlinga i Stortinget av meldinga om trygg digital oppvekst. Eg meiner me heilt klart må verne ungane våre betre i det digitale, det vere seg mot å bli rekrutterte til kriminalitet, utsette for skadeleg innhald eller utsette for kommersielt press. Me ønskjer òg eit betre digitalt forbrukarvern for barn og unge og har difor i budsjettet for neste år løyvd 15 mill. kr til å utvikle eit viktig tilsynsverktøy for Forbrukartilsynet. Eg er også glad for at talet på barn som lever i familiar med vedvarande låg inntekt, går ned under Støre som statsminister, men arbeidet med å jamne ut skilnader må halde fram. Me er ikkje nøgde. Det er framleis store utfordringar med barn og familiar som lever i utanforskap og med dårlege levekår. Eg er difor veldig glad for at regjeringa i februar lyste ut eit samfunnsoppdrag som systematisk skal arbeide med utanforskap blant barn og unge i ein tiårsperiode, og som òg er tildelt over 117 mill. kr. Arbeidarparti-regjeringa held fram med å arbeide med å styrkje kvaliteten i barnevernet. Gjennom Kvalitetsløftet som Stortinget slutta seg til i juni, følgde vi opp Stene I-rapporten. Kvalitetsløftet blei omtala av Erik Stene sjølv som eit paradigmeskifte i barnevernet. Så kjem me også til å følgje opp Stene II-rapporten, som no er på høyring, og som eg registrerer at mange parti har eit stort engasjement i. Eg ser fram til gode tverrpolitiske diskusjonar om dette. Barn som bur på barnevernsinstitusjon, treng god helsehjelp. For å gje helsehjelp til barn på institusjon, føreslår òg regjeringa å løyve 40 mill. kr til dei regionale helseføretaka neste år til oppretting av ambulante helseteam. Gjennom Kvalitetsløftet i barnevernet tar også regjeringa eit nytt steg for barn som ikkje kan bu heime, med meir føreseielegheit og stabilitet. Her prioriterer me å løyve om lag 100 mill. kr til kommunane. Eg starta innlegget mitt med å vise til at Arbeidarparti-regjeringa prioriterer tryggleik for barn og unge. Eg meiner at dette med årets budsjettforlik blir ytterlegare styrkt til neste år.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
