Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Eg vil starte med å åtvare mot å dra ein parallell frå ei så alvorleg sak til det som er eit budsjettspørsmål frå Framstegspartiet. Det har eg heldigvis aldri registrert at høgrebyrådet har gjort. Det er ei kjensgjerning at situasjonen i barnevernet, òg i Oslo, er krevjande. Det er han over heile landet. Særleg i institusjonsbarnevernet ser me at barn og unge har langt meir samansette utfordringar enn tidlegare. Difor er styrkinga av barnevernet, institusjonsbarnevernet, og forliket me har inngått her i Stortinget i årets budsjett for å auke tilskotet til barnevernet i Oslo, veldig, veldig bra. Men eg vil igjen åtvare representanten mot å dra samanlikningar mot svært alvorlege enkeltsaker på den måten som blei gjort her.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
