Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegget
Arbeidarpartiet, saman med dei raud-grøne partia her på Stortinget, har inngått eit budsjettforlik for neste år som òg betyr ei vesentleg styrking av kommuneøkonomien. Andrelinjebarnevernet i Oslo er eit kommunalt ansvar. Så er det ein stor og viktig diskusjon no, som bl.a. Stene-utvalet har lyfta fram, som eg ynskjer velkomen. Eg registrerer at det er fleire parti som ser med interesse på det Stene-utvalet har føreslått når det gjeld organiseringa av barnevernet. Eg kan òg tryggje representanten og andre om at eg har – og har hatt – god dialog med Oslo kommune om situasjonen i barnevernet. Eg er òg glad for at Arbeidarpartiet saman med dei andre budsjettpartnarane i Stortinget har prioritert å auke tilskotet til andrelinjebarnevernet i Oslo for neste år.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat
