Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 15. des 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte mandag den 15. desember 2025 kl. 10

Innlegget

For meg er det heilt grunnleggjande at me sikrar at adopsjon til Noreg føregår innanfor heilt trygge og sikre rammer. Det er Bufdir som behandlar og vurderer dei ulike adopsjonssakene, difor vil det òg naturleg nok vere slik at når ein skal lage eit budsjett for neste år, vil ein ikkje ha eit heilt eksakt tal på det. Me må gjere det me kan for å drive mest mogleg realistisk budsjettering. Så vil eg berre seie at eg har stor forståing for dei som står i vanskelege adopsjonsprosessar. Det er krevjande, særleg fordi ein for det fyrste ofte har eit djupt barneynske, og fordi ein blir bekymra for at det kan ta lang tid. Difor ser eg fram til å få den endelege granskingsrapporten om adopsjon, slik at me kan fylgje det opp derifrå.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat