Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 15. des 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte mandag den 15. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Arbeidarpartiet i regjering satsar tungt på barnefamiliar. Eg meiner budsjettet for neste år viser det veldig klart, der me saman med dei andre raud-grøne partia prioriterer billegare barnehage og kjernetid i SFO. Me har saman blitt einige om å styrkje barnetrygda. Eg meiner dagens foreldrepermisjonsordning er ei god ordning. Førre gong Kristeleg Folkeparti hadde påverknad på dette, tok ein bl.a. og kutta i fedrekvoten, som førte til at færre fedrar tok ut permisjon. Arbeidarpartiet meiner at både mor og far er viktige foreldre i eit barns liv. Det er òg viktig at me har ei foreldrepermisjonsordning som er fleksibel og god, og det meiner eg dagens ordning er.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat