Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 15. des 2025

Lene Vågslid
Lene Vågslid
Arbeiderpartiet·Telemark

SakMøte mandag den 15. desember 2025 kl. 10

Innlegget

Eg òg vil takke for ein god debatt, og for den første budsjettdebatten vi har saman. Når det gjeld sjarmkonkurranse, trur eg kanskje andre skal få bedøme kven av oss som er mest eller minst sjarmerande i debatt, men når ein ser tilbake på dei siste månadene, trur eg partiet Høgre leier ganske godt i å bruke spalteplass på å snakke ned det som skjer i barnevernet. La meg berre ha sagt det: Det er store utfordringar, og når eg no er barne- og familieminister, skal eg gjera meir enn berre å levere rapportar. Det verkar som at ein del har gløymt at i juni vedtok Stortinget Kvalitetsløftet i barnevernet. Kva var Kvalitetsløftet i barnevernet? Jo, det var ein konkret oppfølging av institusjonsutvalet – det første utvalet som Erik Stene leidde. Forgjengaren min, Kjersti Toppe, gjorde ein veldig god jobb med Kvalitetsløftet, og Stortinget slutta seg til store delar av det. Det er eg veldig glad for, for det betyr ei heilt ny innretning for institusjonsbarnevernet, der me skal sikre at ungane får den hjelpa dei treng, og der me òg no er i gang med å følgje opp Storberget-rapporten. Både justisministeren og eg har varsla at me kjem til å følgje opp delar av den rapporten raskare enn tenkt, for å sikre at me klarer å gje ungane, særleg dei som er utsette for kriminalitet, betre hjelp, omsorg og ikkje minst beskyttelse. Det andre Stene-utvalet har fått stor merksemd i dagens debatt, og det er eg òg veldig engasjert i. Det er viktig at me får diskutert organiseringa av det statlege barnevernet. Det var under Arbeidarparti-regjeringa at det utvalet blei sett ned. For første gong har me fått ein heilskapleg gjennomgang av organiseringa, og det er ein viktig rapport, som no er på høyring, og som eg ser fram til å ha gode diskusjonar og samtalar med andre parti om, som nemnt tidlegare. Eg vil støtte Arbeidarparti-kollegaen min, representanten i komiteen som etterlyste FrP i debatten om aldersgrenser på sosiale medium. Eg er glad for at ein deltek no. Alle parti i Stortinget med unntak av FrP har sagt at me treng å beskytte barn betre i det digitale. Heldigvis er det stor bevegelse i Europa og i Norden. Me må òg gjere meir for å beskytte barn og unge mot kommersielt press. Difor er det spesielt at FrP stemte imot endringane i marknadsføringslova i juni som vil gje Forbrukartilsynet nødvendige verktøy for å beskytte barn og unge betre mot kommersielt press på nettet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat